Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Allmenn- og alderspsykiatri døgn SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 2, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Oppstart
1. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Vi har no ledig 60% vikariat som helsefagarbeidar

Alderspsykiatri SNR ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk helsefagarbeidar med nok audmjukheit til å kjenne si eiga styrke og begrensning nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollega. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det er forventa at du tåler å stå i det.

Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD) ,alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 9 sengeplasser inkludert moglegheit for 2 intensivplasser - ingen akuttfunksjon. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane

Kan dette vere noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gleder oss til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har et stort fokus på miljøtiltak
  • Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollega i sengeposten og poliklinikk
  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak
  • Halde seg fagleg oppdatert og følge seksjonen sine kompetansehevingstiltak 
  • Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/ hjelpepleiar
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Førerkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
  • Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår
  • Du må vere positiv og ein god relasjonsbyggar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du er god til å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
  • Du har stor arbeidskapasitet
  • Du er fysisk og psykisk eigna til stillinga
  • Du må vere fagleg tydeleg og gje tilbakemeldingar til kollega både på det negative og positive

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.

Kontaktinformasjon

Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 2
6450 HJELSET

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5099214162
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Startdato: 01.04.2026
Sluttdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Marit Møgedal Stokkeland

Seksjonsleiar

+47 46683184

Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8a2a9a83-1698-4f37-88d3-8316f1170c73

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f1518b900b42407391996476f9580f46

Lignende annonser

Laster lignende annonser