Psykolog - vikariat
Alderspsykiatri poliklinikk SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Psykolog - vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 6. mai
Vi har no ledig eit vikariat på 6 månader for psykolog, der blir du ein del av eit større behandlingsteam. Vi ønsker oss deg som er interessert i fagfeltet alderspsykiatri og allmennpsykiatri.
Seksjonen vår består av eit døgntilbod med 9 døgnplassar og poliklinikk. Stillinga er tilknytt Allmenn og alderspsykiatrisk sengepost. Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD), alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 9 sengeplassar inkludert moglegheit for 2 intensivplassar - ingen akuttfunksjon. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Allmenn- og alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane.
Avdelinga vår har ansvar for 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal, og er lokalisert i moderne lokaler i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset ligg omlag 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønskjer å reise kollektivt.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du søkjer – vi gleder oss til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Diagnostisk utgreiing og behandling
- Individuell og tverrfagleg behandling
- Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
- Internt samarbeid og rettleiing
- Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing
- Samarbeid med miljøpersonal og andre behandlarar om miljøterapeutiske tiltak
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog. Psykolog med lisens kan også søke
- Krav om å meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg
- Interesse for fagfeltet
- God erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta
Personlege eigenskapar
- Du har god språkleg framstillingsevne
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver både sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.Kontaktinformasjon
Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5114328616
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 06.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e1d6156f-bcd0-4b53-b7aa-6f723f6f992e
- Sist endret
22. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5356841d679a4430b91b87e57961dde8