Jobbspesialist - arbeid med støtte
Vikariat - Nav Nordfjord
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Jobbspesialist - arbeid med støtte
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. mai
Er du ein person som er god på å finne ressursar hos kvart enkelt menneske? Motiverast du av å jobbe med menneske, og har tru på at alle, til tross for utfordringar, kan få og halde på ein ordinær jobb? Då er det kanskje nettopp deg vi ser etter.
Nav Nordfjord søkjer ein engasjert, motivert og uredd jobbspesialist til vårt team. Arbeid med støtte er eit arbeidsretta oppfølgingstiltak i Nav, og som jobbspesialist vil du spele ei sentral rolle i å hjelpe våre brukarar med å finne og halde på arbeid. Du vil jobbe tett med arbeidssøkjarar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar for å sikre gode og varige arbeidsforhold. Som jobbspesialist vil du følgje opp deltakarar etter Supported Employment-metodik (SE), ein metodikk som har svært gode resultat å vise til.
Stillinga er eit vikariat for ein foreldrepermisjon. Kontorstad er Nordfjordeid, men reise i heile Nordfjord må påreknast.
Kva går jobben ut på?
- kartlegge arbeidssøkjarane sine interesser, ferdigheiter og eigenskapar, samt kople dette med riktig arbeidsgjevar
- oppsøkje bedrifter, bygge nettverk og relasjonar i heile region Nordfjord
- engasjere og motivere arbeidssøkjarar og arbeidsgjevarar
- følgje opp arbeidssøkjarar i studie eller jobb
- vere ansvarleg for framdrift i eigen portefølje
- dokumentere og rapportere i Nav sine fagsystem
- bidra til å utvikle og forbetre tenestene våre
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring og /eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- rettleiingskompetanse, relevant erfaring frå rettleiing, motivasjon eller oppfølgingsarbeid
- førarkort klasse B
- gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheter på norsk
- gode digitale ferdigheiter
- erfaring frå å jobbe med oppfølging av menneske
- kjennskap til arbeidsmarknaden og utdanningsmoglegheiter i Nordfjord
- erfaring frå Supportet Employment metodikken
Kva ser vi etter hos deg?
- du har tru på at alle menneske kan skaffe og halde på arbeid
- du har vilje og motivasjon til å drive oppsøkjande verksemd
- du skaper gode relasjonar og møtee menneske med ulike utfordringar på ein god måte
- du jobbar resultatorientert
- du handterer høgt arbeidstempo og tole uforutsigbarheit
Kvifor velje oss
- ein meningsfull og utfordrande jobb innanfor eit viktig samfunnsområde
- engasjerte kollegaer i eit inkluderande arbeidsmiljø
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling innanfor ein stor offentleg verksemd
- velferdsgode som fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- tilsetting i stillingskode 1434 rådgjevar, med lønnsspenn fra kr. 622000 - 640000 kr per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Kari Tonning, Avdelingsleiar, 452 33 070, Kari.Tonning@nav.noArbeidsstad
Rådhusvegen 116770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 5120688049
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 18.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d18f17e4-3e65-4565-a0be-ad8f9decf86a
- Sist endret
4. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ae8302f0331b402d8a59eaa47f873a84