Hopp til innhold

Fastlege ved Eid legekontor

Arbeidsgiver

Helse, Stad kommune

Sted

Bøen 5, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Fastlege ved Eid legekontor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Vi søker etter fastlege til Eid legekontor med oppstart 01.09.2026.

Vikariat kan òg vere aktuelt både ved legekontoret på Eid og i Selje. 

Kommunen har to legekontor og 13 fastlegeheimlar, ti av legane jobbar ved Eid legekontor samt ei stilling for LIS1. Begge kontora er drifta av kommunen og det er ikkje knytt kostnadar til oppstart i heimelen (goodwill). 

Eid legekontor har eit godt fagmiljø der fire av legane våre er spesialistar i allmennmedisin og dei andre legane har ALIS avtale inkludert ALIS-tilskot. Vi har eit kollegium av både yngre og meir erfarne legar. Listelengder ved kontoret er 700-900 pasientar.

Legekontoret er godt utstyrt med mellom anna spirometri, EKG, 24t BT og legevaktsbil. Fastlegane arbeider i gruppepraksis og er sjølvstendig næringsdrivande. Alle har forsterka 8.2-avtale der kommunen held lokale, utstyr og hjelpepersonell. Legane er gjennom avtalen sikra økonomisk kompensasjon inntil 16 dagar ved fråvær grunna eigen eller barns sjukdom og inntil ti kursdagar per år. For dette betaler legen delar av basistilskotet sitt til kommunen.

Den kommunale legevakta frå 08:00 til 16:00 måndag til fredag fordelast mellom dei elleve legane ved kontoret. Legevakt kveld, natt og helg er ved interkommunal legevakt lokalisert på Nordfjord sjukehus. Vaktbelastninga er om lag tre vakter per månad med vaktlengde inntil ni timar. Legane får fastløn for alle timane på interkommunal legevakt og legevakta er alltid bemanna med to sjukepleiarar. Samlokalisert med legevakta er fem kommunale ØHD-sengeplassar.

Kommunale bistillingar etter gjeldande avtalar inntil 7,5 timar per veke.

Legekontoret nyttar journalløysing frå EG - Infodoc. 

Det er åtte årsverk som helsepersonell ved legekontoret, inkludert avdelingsleiar. Helsepersonell har brei erfaring og kompetanse som sjukepleiarar, bioingeniør og legesekretær. 

På Nordfjordeid ligg sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, laboratorium, røntgen, skadepoliklinikk, samt distriktspsykiatrisk senter med døgntilbod og regional ruspost. Sjukehuset har tilbod om institusjonsteneste til ALIS-legar etter ny utdanningsmodell. 

Stad kommune har dei siste åra jobba aktivt for å få ned arbeidsbelastninga og gje fastlegane ein betre arbeidskvardag. Vi ønskjer å utvikle legetenesta vidare i samarbeid med fastlegane, og vi ønskjer akkurat DEG med på laget vårt. Vi kan tilby trygge og gode rammer for ALIS på veg inn i allmennmedisinen og eit godt kollegium også for meir erfarne legar.


Arbeidsoppgåver

  • Kommunen er vertskommune for interkommunal legevakt
  • 11-delt kommunal legevakt frå kl. 08.00 til kl. 16.00 på kvardagar. Resten av døgnet og i helgar om lag 26-delt legevakt knytt til Nordfjord legevakt med om lag 22 000 innbyggjarar

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon som lege og fylle krava for refusjon frå HELFO
  • Gjennomført LIS-1 
  • Du må ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode kunnskapar i norsk - både munnleg og skriftleg
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Evne til å arbeide strukturert og på systemnivå
  • God fagleg vurderingsevne

Vi tilbyr

  • Godt opparbeidd allmennmedisinsk praksis i eit godt kollegialt fellesskap
  • God allmennmedisinsk rettleiing
  • Gode økonomiske vilkår
  • Flyttegodtgjersle 

Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato.

Politiattest skal leverast før start i stillinga.

Stad kommune har seks månadar prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!

Kontaktinformasjon

Linda Gotteberg, Einingsleiar helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.no
Thomas Vingen Vedeld, Kommuneoverlege, 970 04 492, thomas.vingen.vedeld@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Bøen 5
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5130533311
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Thomas Vingen Vedeld

Kommuneoverlege

970 04 492

thomas.vingen.vedeld@stad.kommune.no

Linda Gotteberg

Einingsleiar helse

41694203

linda.gotteberg@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a5b75661-dd22-43d5-90cf-ca4ee9454df2

Sist endret

19. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

852678d4eee0408da99385687fb90c8f

Lignende annonser

Laster lignende annonser