Einingsleiar for Meistring og psykisk helse
HELSE OG OMSORG, Stad kommune
Fossevegen 10, 6770 Nordfjordeid, Myroldhaugvegen 43, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Einingsleiar Meistring og psykisk helse
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. juni
Vil du vere med og forme framtidas tenester innan meistring og psykisk helse? DÅ kan dette vere stillinga for deg!
Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som einingsleiar for den nyoppretta eininga Meistring og psykisk helse. Stillinga er ledig frå 1. august 2026.
Bakgrunnen for stillinga er ei vidareutvikling av tenestene innan helse og omsorg.
Frå august 2026 blir dagens Bu- og miljøteneste delt i to einingar: Meistring og psykisk helse og Miljøtenesta. Vi søkjer no ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert leiar som ønskjer å vere med på å byggje opp og vidareutvikle den nye eininga. Leiar skal, saman med leiarteamet og dei tilsette, leggje til rette for heilskaplege og koordinerte tenester gjennom god samhandling med brukarar, pårørande, spesialisthelsetenesta og andre kommunale tenester. Eit nært samarbeid med Miljøtenesta vil vere særleg viktig. Som einingsleiar får du det overordna faglege, administrative og strategiske ansvaret for ei teneste med om lag 62 årsverk og 80 tilsette.
Eininga omfattar pr i dag følgjande avdelingar:
- Myroldhaug psykisk helse og rus
- Barneavlastning og barnebustad
- Psykisk helseteam og uteteam
Psykisk helseteam og uteteam har òg ansvar for samarbeidet med Helse Førde gjennom FACT Ung og FACT Vaksen, samt oppfølging av tiltak som kommunen kjøper frå eksterne samarbeidspartnarar.
Leiarteamet består av einingsleiar og tre avdelingsleiarar. Avdelingsleiarane har det daglege personalansvaret for sine medarbeidarar, medan einingsleiar har det overordna ansvaret for drift, utvikling, økonomi og måloppnåing i eininga. Oppmøtestad er Nordfjordeid, men stillinga krev tilgjenge og nærvær på tvers av kommunen sine tenestestader. Einingsleiar rapporterer til kommunalsjef helse og omsorg og er ein del av sektoren sitt samla leiarteam.
Stad kommune ønskjer å skape tenester som gir tryggleik, meistring og livskvalitet. Vi satsar på kompetente medarbeidarar, fagutvikling og innovasjon, og søkjer ein leiar som vil vere med på å utvikle framtidas tenester innan psykisk helse og meistring.
Arbeidsoppgåver og ansvar
- Leie og vidareutvikle eininga i tråd med kommunen sine mål og strategiar
- Ha overordna ansvar for økonomi, drift, kvalitet, HMS og personalforvaltning
- Sikre gode, framtidsretta og fagleg forsvarlege tenester
- Leie utviklings-, forbetrings- og endringsarbeid
- Utvikle ein lærande organisasjon med eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse
- Sikre god samhandling med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar
- Arbeide strategisk med rekruttering, kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend sjukepleiar
- Vidareutdanning i psykisk helse og rus
- Erfaring frå psykisk helse, rus, habilitering eller tilsvarande tenesteområde
- Erfaring som leiar
- Leiarutdanning er ønskjeleg. For den rette kandidaten vil arbeidsgjevar leggje til rette for leiarutdanning dersom søkjaren ikkje allereie har dette.
- God rolle-, system- og organisasjonsforståing
- Er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov- og avtaleverk
- Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
- Har gode strategiske og analytiske evner
- God økonomi- og organisasjonsforståing
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Vi søkjer deg som
- Er ein tydeleg og trygg leiar med gode relasjonelle ferdigheiter
- Har evne til å motivere, involvere og skape retning i endringsprosessar
- Er strategisk og utviklingsorientert, samtidig som du har gjennomføringsevne
- Har god forståing for samhandling på tvers av fagområde og organisasjonar
- Er oppteken av kvalitet, fagutvikling og gode tenester for innbyggjarane
- Skapar tillit og gode samarbeidsrelasjonar med brukarar, pårørande, medarbeidarar og samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Ei sentral leiarstilling med stor påverknad på utviklinga av framtidas tenester innan psykisk helse, rus og meistring
- Moglegheit til å byggje opp og vidareutvikle ei ny eining i Stad kommune
- Deltaking i eit utviklande og innovativt leiarteam
- Eit arbeidsmiljø basert på verdiane nær, raus, skapande og heilhjarta
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- God pensjons- og forsikringsordning
- Løn etter avtale
- Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontakte kommunalsjef Barbro Longva.
Kontaktinformasjon
Barbro Longva, Kommunalsjef helse og omsorg, 92855900, barbro.longva@stad.kommune.noArbeidsstad
Myroldhaugvegen 436770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5135798246
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
411aaa6c-3c41-4959-8070-af31b23b7fe3
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ba22a95665ba4d7c9badaf2790d1f95d