Hopp til innhold

Sjukepleiar på natt – bli del av laget vårt i eldremedisin

Arbeidsgiver

Avdeling for eldremedisin Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Likar du å dele erfaringar, finne løysingar saman med andre – og samtidig ha det kjekt på jobb?

Vi har ledig fast stilling på natt i 60%, med moglegheit for høgare stillingsprosent dersom du ønskjer å kombinere med arbeid på geriatrisk sengepost.

Hos oss på eldremedisinsk post, alderspsykiatri, møter du eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar. Vi løyser oppgåvene saman, tek ansvar når det trengst – og sørgjer for at både pasientar, pårørande og kollegaer blir sett.

Arbeidsdagen kan vere krevjande, men du står aldri åleine. Her lærer vi av kvarandre, finn løysingar saman og skapar eit miljø prega av humor, tryggleik og fagleg styrke.

Vi har òg ein positiv haldning til vidareutdanning innan aktuelle fagfelt, og legg i stor grad til rette for at du skal kunne utvikle deg vidare hos oss.

👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Klikk på søkeknappen – vi gler oss til å bli kjent med deg!


Kva går jobben ut på?

  • Gi sjukepleie til inneliggande pasientar med behov for utgreiing, behandling og observasjon.
  • Pasientoppfølging og observasjon gjennom natta.
  • Delta i tverrfagleg team og koordinere oppfølging.
  • Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kommunen.
  • Pasientoppfølging og observasjon under utgreiingsopphald
  • Gi omsorg og respekt for både pasientar og pårørande.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning innan rus og psykiatri.
  • Vernepleiar kan også søkje.
  • Erfaring frå fagfeltet er ein fordel.
  • Gode datakunnskaper.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Kva ser vi etter hos deg?

  • Du er ein trygg og engasjert sjukepleiar/vernepleiar som held oversikta og har interesse for pasientgruppa. Du er nysgjerrig, tek initiativ og set pris på eit miljø der vi lærer av kvarandre og står saman som lag.
  • Kvifor skal du velja oss?

    Hos oss får du:

    • Årsplan med 16 helger i året.
    • Fagdagar, kurs og simuleringstrening – vi legg til rette for fagleg utvikling.
    • Ei positiv haldning til vidareutdanning innan aktuelle fagfelt, og vi tilrettelegg for at du skal kunne utvikle deg vidare
    • Kollegastøtteordning – du står aldri åleine.
    • Eit inkluderande arbeidsmiljø i ei IA-verksemd.

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Grethe Liknes Thorsen, Fagsjukepleiar, 46889361
    Doreen Halleland, Avdelingsleiar, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120
    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5051497553
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 11.01.2026

    Om bedriften

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

     

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    d13e13b5-209d-454a-b986-f4efdf1bcd8f

    Sist endret

    12. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    9b6db9765af9464998eb147119062423

    Lignende annonser