Hopp til innhold

Heimetenesta

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Heimetenesta

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Heimehjelp i heimetenesta
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Er du glad i ansvar, raus i møte med menneske og kreativ i jakta på dei gode løysingane?

Vi ser etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon/samarbeidsevner er gode. Som heimehjelp i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

Vi søkjer akkurat deg som er:

Omsorgsfull – raus – engasjert - lojal

og har;

Humor – livsglede - mot

Kva får du hos oss?

Som vår nye kollega vil du få 50 - 60% stilling. Anna stillingsprosent kan bli ledig ved eventuelle interne søkjarar. I heimetenesta vil du få arbeide med dyktige og løysingsorienterte medarbeidarar, og det er kort veg mellom leiing og dei tilsette. Årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette.

Du vil arbeide med praktisk bistand (heimehjelp) i kombinasjon med heimesjukepleie på helg/høgtid. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du og ha gode pensjons – og forsikringsordningar. Du har høve til å søke startlån utan krav til eigenkapital gjennom kommunen, samt ha tilgang til gratis parkering.

Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste!

Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen!

Kven er så du?

Det er ønskeleg med fagbrev innan reinhald eller at du har anna relevant fagbrev innan helse. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell kompetanse. Har du erfaring frå arbeid innan heimeteneste, så er det er fordel. Du må ha førarkort. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre, samt bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.

Om du kjennar deg igjen, bli med oss på laget!

Vi tilbyr:

  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

Kontakt:

Ass einingsleiar Kate S. Løland 56 16 05 02 / 95 07 11 21

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Kate S. Løland

+47 95071121 +47 56160500

kate.loland@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d11bbbe2-0172-4ea6-a4b7-7b0fcb407e90

Sist endret

22. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3630799_194035_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser