Brannkonstabel / røykdykkar
Aurland kommune
Onstadvegen 5, 5745 Aurland
Om jobben
- Stillingstittel
- Brannkonstabel / røykdykkar
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. desember
Bur det ein liten brannhelt i deg? - bli brannkonstabel hjå oss
Då vert du ein del av eit engasjert og samansett lag som står klare når det gjeld som mest. Vi er eit deltidsbrannvern med sterk lokal forankring, moderne utstyr og eit godt fagmiljø – der samarbeid, trivsel og tryggleik står i sentrum.
Som brannkonstabel i Aurland brannvern blir du ein viktig del av beredskapen i kommunen, og får både fagleg utvikling og eit meiningsfylt oppdrag ved å verne liv, helse, miljø og verdiar.
Vi har ledig ein til to stillingar som brannkonstabel, med oppstart frå snarast. Stillingane har eit omfang på 0,87%, og vil stige til 1,25% etter godkjenning som røykdykkar. Stillingsprosenten er låg, men det er gode ordningar som tillegg for å bere lommevarslar og pensjonsordning. Vi har 10 øvingskveldar i året, og konstablane inngår i årsturnus med vaktgodtgjersle i feriar og høgtider. Ved utrykking får du løn for minimum to timar.
Aurland brannvern er organisert i kommunalområde samfunnsutvikling, med eigen brannsjef. Vi er 21 tilsette med variert fagleg bakgrunn fordelt på overbefal, sjåførar og brannkonstablar i deltidsstilling. Brannstasjonen er på Onstad, rett over brua ved Aurlandsvangen.
Stillinga kan kombinerast med anna arbeid, og passar godt for deg som ønskjer ei meiningsfylt deltidsstilling der du bidreg til tryggleik i lokalsamfunnet.
Arbeids- og ansvarsområde
Som brannkonstabel i Aurland brannvern vil du vere ein del av det lokale beredskapsteamet og bidra i eit breitt spekter av oppgåver, mellom anna:
- Delta i sløkking av brannar, redningsoppdrag og andre utrykkingar.
- Utføre innsats ved trafikkulykker og andre redningshendingar – om lag ein firedel av oppdraga våre er trafikkulykker.
- Bidra i førsteinnsats ved helse- og politioppdrag i ei tidleg fase, ofte som første eining på skadestaden.
- Delta på øvingar og halde eigen kompetanse ved like.
- Vere del av vaktordninga – med om lag to veker per år i feriar, høgtider og periodar med lite oppmøte.
- Delta i førebyggjande arbeid og bidra til å auke tryggleiken i lokalsamfunnet.
- Ta del i vedlikehald og kontroll av utstyr og køyretøy ved brannstasjonen.
Me tilbyr
- spennande, krevjande, varierte, og meiningsfylte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- løn i etter tariff og SFS 2404 - Brann og redningsteneste
- lommevarslar kr 2 560 per måned ( per i dag)
- risikotillegg kr 895 per måned ( per i dag)
- innmelding i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) si pensjonsordning
- gratis inngang til svømmebasseng og trimrom i Aurlandshallen (førebels ut 2025)
- tilgang til trimrom på brannstasjonen
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
Vi søker deg som har engasjement for tryggleik og beredskap, og som har fylgjande kvalifikasjonar:
- fagbrev\fagskule innan handverksfag er ein fordel.
- anna relevant utdanning/ yrkeserfaring, til dømes innan akuttmedisin vert vektlagt.
- god helse og fysikk
- førarkort klasse B er eit krav, og klasse C er ein fordel.
- plettfri vandel\politiattest
- personlege eigenskapar er ein viktig del av kvalifikasjonsvurderinga for denne stillinga
Opplæring og godkjenning
For å kunne utføre arbeidet som brannkonstabel må du gjennomføre og bestå obligatorisk opplæring, som omfattar:
- nettbasert kurs i brannvern
- intern opplæring i Aurland brannvern
- grunnkurs for deltidspersonell (nett, praksisveke og eksamen)
- etter endt opplæring skal du godkjennast som røykdykkar
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, og ser etter deg som er:
- Lojal – du står bak laget, arbeidsplassen og oppdraget vårt.
- Pliktoppfyllande – du tek ansvar, møter presis og gjer jobben grundig.
- Engasjert – du har interesse for beredskap og ynskjer å bidra til tryggleik i lokalsamfunnet.
- Samarbeidsorientert – du trivast med lagarbeid, kommuniserer godt og held hovudet kaldt når det gjeld som mest.
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- politiattest av nyare dato må leverast snarast når du byrjar i stillinga
- Bustad og helst arbeidsstad i nærleiken av brannstasjonen.
(Dette er nødvendig for å kunne rykke ut raskt ved alarm.)
Krav til språk
Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Vi oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du får raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
Vi ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Kontaktpersoner for stillingen
Reinhardt Anders Sørensen
Kommunalleiar samfunnsutvikling / brannsjef
+4795984604
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d0f0ccf1-93df-4048-9f65-b1327649e992
- Sist endret
19. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10270694
Lignende annonser
Barne- og ungdomsarbeidar
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Sted
Flåm, Aurland
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Sted
Aurland
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Sted
Aurland