Hopp til innhold

Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar

Arbeidsgiver

Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid og deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Er du sjukepleiar med interesse for kreft, palliasjon og blodsjukdommar og likar varierte arbeidskvardagar med fagleg fokus og utvikling? Da søkjer vi etter deg! Vi har for tida ledig:
  • 1 x 75 % fast stilling
  • 4 x 100 % midlertidig stilling med varighet til 31.12.2026. Tilsetting frå snarast, etter avtale med leiar.

Tryggleik, respekt, kvalitet og trivsel er kjerneverdiar i vårt daglege arbeid i møte med pasientar, pårørande og i samarbeid med kollegaer!

Vi er ein sengepost med fokus på høg fagleg kvalitet, engasjement og eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi jobber saman i team der vi lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode. Fagutvikling er i fokus, og vi legg opp til eigne fagdager i turnus for alle tilsette.
Vi har i utgangspunktet tredelt turnus, men vi vil leggje til rette for at tilsette kan kome med ønskjer for eigen turnusplan. Vi tilbyr også langvakter med arbeid kvar fjerde helg for dei som ønskjer det. Som tilsett hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. 

 


Arbeidsoppgåver

  • Teamarbeid saman med sjukepleiarar, spesialsjukeplerarar, helsefagarbeidarar og mellom anna onkolog, hematolog og palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut.  
  • Pasientane i seksjonen vil kunne ha svært ulike behov. Arbeidsoppgåvene vil difor bestå av kartlegging og utføring av tiltak retta mot den enkelte pasient i tråd med gjeldande retningslinjer. 

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjenning som sjukepleiar 
  • Relevant vidareutdanning, erfaring og kompetanse kan vektleggjast 
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdomar 
  • Bidrar positivt i arbeidsmiljøet 
  • Er påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegaene dine 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Kristina Aasen, seksjonsleiar, +47 91869218

Arbeidssted

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5049309695
Søknadsfrist: 08.01.2026

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d0160a7b-e1e2-4ee7-ae41-e7aff68659f3

Sist endret

9. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c5551a6c9a51492f962d13162a0d0082

Lignende annonser

Laster lignende annonser