Hopp til innhold

Vernepleiar

Arbeidsgiver

Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 20. juli

Ved sengeposten for psykosebehandling ved SNR søkjer vi ein engasjert, fagleg trygg og sjølvstendig vernepleiar til ei 70 % fast nattstilling!

Som nattevakt hos oss vert du ein del av eit godt fag- og arbeidsmiljø som legg til rette for trygg og heilskapleg behandling av pasientar med alvorlege psykiske lidingar.
Vi ønskjer oss ein medarbeidar som vil vere ein aktiv bidragsytar i behandlinga av pasientar med psykose, og som vil delta i utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod.

Den nyoppretta sengeposten tilbyr spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid, fagleg kvalitet og kontinuerleg utvikling. Sengeposten for psykosebehandling ved SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset. Dette er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. Personalgruppa er breitt samansett og arbeider både med utgreiing av psykoseproblematikk og behandling gjennom mellom anna medikamentell oppfølging, samtaleterapi, fysisk aktivitet, turgrupper og miljøterapeutiske tiltak.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til struktur og tryggleik i pasientane sin kvardag, gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid
  • Systematisk observasjon av psykisk tilstand, funksjon og endring, med dokumentasjon og fagleg rapportering
  • Administrere og følgje opp medikamentell behandling i tråd med gjeldande rutinar og forskrifter
  • Vere ein del av psykiatri- og habiliteringsbyggets nattevaktsteam, med blant anna utrykning på fellesalarm
  • Delta aktivt i dialog med andre tilsette (psykiater, lege, psykolog, sjukepleiar, helsefagarbeidar) via munnlege rapportar og journalføring for å videreføre viktig informasjon
  • Vere med på å utvikle faglege rutinar og bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring
  • Delta på fagdagar og anna opplæring

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar
  • Krav om god meistring av norsk munnleg og skriftleg 
  • Førarkort klasse B (personbil) 

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg sterk og engasjert i arbeidsmiljøet
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst med tverrfagleg arbeid 
  • Du er trygg i møte med pasientar og har evne til å skape tillit 
  • Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga  
  • Du er positiv til nye utfordringar, omstillingsdyktig i møte med endringar og evnar å sjå løysingar 
  • Du arbeider sjølvstendig

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Ei spennande og meiningsfull stilling i eit fagmiljø i utvikling 
  • Fagdag, MAP-kurs og fagtid på dag inkludert i turnus
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her

Kontaktinformasjon

Ingunn Romundstad Innerdal, Konst. seksjonsleiar, 71118484, Ingunn.Romundstad.Innerdal@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5127968204
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 20.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Ingunn Romundstad Innerdal

Konst. seksjonsleiar

71118484

Ingunn.Romundstad.Innerdal@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c5151dbb-9305-4bdd-9de6-cab32ab1ee9b

Sist endret

27. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

40e2beb4f1354e4f9c716313d420faf1

Lignende annonser

Laster lignende annonser