Sjukepleiar
Akutt 24 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. desember
Vil du vere med på å forme framtida si akutteneste? Ønsker du å bruke heile bredda av kompetansen din? Vi søker nå etter engasjert sjukepleiar som vil vere med oss vidare - på eit heilt nytt akuttsjukehus!
Akutt 24 er eit nytt konsept på SNR, der fagleghet, pasienttrygghet og tverrfagleg samarbeid står i sentrum. Målsettinga med akutt24 er gode og effektive pasientforløp der pasientane raskt diagnostiserast, behandlast og utskrivast uten innleggelse i ordinær sengepost. Seksjonen vil vere eit hurtigsjukehus i sjukehuset. Vi har i hovedsak øyeblikkelig hjelp behandling, men har også enkelte elektive pasientforløp. Seksjonen har totalt 19 pasientsenger, og har både medisinske og kirurgiske pasientar.
Vi har pasientar innanfor følgjande fagområder:
- Kardiologi
- Indremedisin
- Nevrologi
- Kirurgi
- ØNH
- Ortopedi
- Gynekologi
- Øye
Hos oss vil du ha moglegheit til å komme med innspill til eigen turnus. Vi har arbeidshelg med langvakter kvar 4. helg. Vi har eit godt arbeidsmiljø, og du vil bli ein del av ei kunnskapsrik og engasjert personalgruppe. Vi har også stort fokus på fag og kompetanseheving, men faste fagdager i turnus og ukentlig internundervisning.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til akutt sjuke pasientar og elektive pasientforløp
- Sjukepleieadministrative oppgåver
- Legevisitt
- Legemiddelhåndtering
- Samarbeid med samhandlande avdelingar og primærhelsetjenesta
- Rettleiing av studentar og kollegaer
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Behersker norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team
- Du er endringsvillig, positiv og engasjert
- Du bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Du er motivert til å utføre varierte arbeidsoppgåver
- Du bidreg til fagleg utvikling og kontinuerlig forbetringsarbeid
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.Kontaktinformasjon
Silje Ranvik Ohrvik, Seksjonsleiar, +47 92227110, Silje.Ranvik@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5204776527
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
80515294-5819-481d-bcde-5ec695b4b3bd
- Sist endret
20. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2b17910f1c4b4d8db17299dad861a456