Hopp til innhold

Reinhaldsoperatør

Arbeidsgiver

Tysnes kommune

Sted

Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Om jobben

Stillingstittel
Reinhaldar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Vil du vere med å skape gode og trivelege miljø i kommunale bygg?

Reinhald er meir enn å berre vaske! Å gjere reint krev kunnskap, teknikk og ikkje minst evne til å vurdere kor vidt ei flate er rein eller ikkje. Riktig utført reinhald skapar eit godt arbeids- og innemiljø, og er ein viktig del av å førebyggja sjukdom og hindre spreiing av smitte.

Tysnes kommune søker no etter ein dedikert og påliteleg reinhaldsoperatør/reinhaldsmedarbeidar til reinhaldsavdelinga vår, som består av 11 tilsette inkludert leiar.

Stillinga vil inngå i eit team av reinhaldsoperatørar/reinhaldarar som har ansvar for dagleg og periodisk reinhald på kommunale bygg. Som reinhaldar må du rekna med å veksla mellom oppdraga på dei ulike bygga. Dette vert koordinert av reinhaldsleiar. Stillinga er 100 prosent fast og har arbeidstid på 7,5 timar per dag, innanfor tidsrommet kl. 06–17 på kvardagar. Arbeidstida kan organiserast i ulike vakter innanfor dette tidsrommet. 


Arbeidsoppgåver

  • Utføre dagleg og periodisk reinhald i samsvar med planar og behov
  • Bruke IT‑verktøy for dokumentering
  • Arbeide etter hygieniske og miljømessige krav og retningsliner
  • Følge rutinar for HMT
  • Kunne veksle mellom oppdrag på ulike bygg

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør
  • Relevant og brei reinhaldserfaring innanfor profesjonellt reinhald kan kompensera for manglande fagbrev. 
  • God kjennskap til reinhaldsstandard, ulike reinhaldsmetodar, smittereinhald og bruk/vedlikehald av maskinar og utstyr. 
  • Førarkort klasse B, og mogelegheit til å disponere eigen bil. 
  • Du må beherske norsk skriftleg og munnleg på minimum B1-nivå.
  • Grunnleggjande IT-kunnskapar 

Politiattest må leggast fram ved tilsetjing jf. opplæringslova § 17-11 og barnehagelova § 30. 


Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • er serviceinnstilt, positiv og løysingsorientert
  • jobbar nøyaktig og følgjer rutinar
  • tek ansvar for eige arbeid og kvaliteten på jobben du gjer
  • trivst med fysisk arbeid
  • har god samarbeidsevne, er omgjengeleg og likar varierte utfordringar

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. 


Kvifor skal du jobba hos oss?

Høyres det gjevande ut å arbeida på ein plass med eit inspirerande og viktig samfunnsmandat? Då trur me du vil trivast hos oss! Hos oss får du sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagleg stimulerande og hyggeleg miljø.

Stillinga er som reinhaldar, med lønsplassering i kapittel 4 (0–16 års ansiennitet). Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar, og enkelte år òg lokalt. 

Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg og mogelegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår. 

I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. 

Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen. 


Informasjon til søkar

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.


Kontaktperson for stillingen

May Britt Skaten

Avdelingsleiar reinhald

+4748199081

may.britt.skaten@tysnes.kommune.no

Om bedriften

Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når me tel både store og små, er me om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.

Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.

Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ce5d9f35-302d-4eba-a522-b3534300aa7c

Sist endret

27. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10284474

Lignende annonser

Reinhaldsoperatør/ Reinhaldar

Arbeidsgiver

Drift- /teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald seksjon 6, Helse Bergen HF

Sted

Bergen