Institusjonskokk
Tysnes kommune
Uggdalsdalen 8, 5685 Uggdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Institusjonskokk
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. april
Vil du bli vår nye institusjonskokk og bidra til gode matopplevingar for både bebuarar og heimebuande?
Me søker ein sjølvstendig institusjonskokk i fast 94 % stilling til kjøkkenet vårt på Tysnes omsorgssenter. Her får du varierte oppgåver, matlaging frå grunnen av og ein arbeidskvardag prega av godt samarbeid og korte avstandar. Du blir ein viktig del av eit kjøkken som leverer middag både til institusjonen og til heimebuande, og som har fokus på næringsrik, heimelaga mat og gode matopplevingar – gjerne med røter i lokale tradisjonar.
Tysnes omsorgssenter held til i moderne og trivelege lokale frå 2017, med 30 institusjonsplassar fordelt på korttid, rehabilitering og langtidsopphald. Kjøkkenet er ei av tre avdelingar og består av to kokkar inkludert avdelingsleiar, samt reinhaldspersonell – til saman seks tilsette. Me produserer middag fem dagar i veka etter kok/kjøl-metoden og samarbeider tett med avdelingane og heimetenesta.
Arbeidstida er på dagtid, kl. 07:30–15:00, med fri i helger og på heilagdagar.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg matproduksjon av middag, dessert og varm lunsj, fem dagar i veka.
- Samarbeida med avdelingane ved å forsyne dei med forbruksvarer etter bestilling
- Samarbeida med heimetenesta og friviljuge rundt levering av middag til heimebuande.
- Trer inn for avdelingsleiar kjøkken ved fråver.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis fagbrev som institusjonskokk.
- Relevant erfaring kan kompensere for fagbrev.
- Erfaring med kok/ kjøl produksjon av mat er ein fordel.
- Me ønsker at du har erfaring med ulike diettar og samanheng mellom ernæring og helse.
- Det er positivt om du har god kjennskap til norsk tradisjonskost.
- Kjennskap til IK mat system, krav og forskrifter.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner og trivst med å jobba tett saman med andre.
- Du er ansvarleg, påliteleg og kan arbeida sjølvstendig når det trengst.
- Du er fleksibel, løysingsorientert og handterer endringar på ein positiv måte.
- Du er open for utvikling, både når det gjeld metodar, rutinar og organisering av arbeidet.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Hos oss får du ein trygg og føreseieleg arbeidskvardag på dagtid, med arbeid frå kl. 07:30–15:00 og fri i helger og på heilagdagar. Du blir del av eit godt arbeidsmiljø med kjekke og engasjerte kollegaer som samarbeider tett i kvardagen.
Du får løn etter kvalifikasjonar, plassert i kapittel 4 (0–16 års ansiennitet), med årlege justeringar gjennom sentrale og enkelte år òg lokale forhandlingar. Som tilsett får du medlemskap i KLP, som gir ei av dei beste pensjonsordningane i landet og moglegheit for bustadlån på gode vilkår.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når me tel både store og små, er me om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2de00699-f23c-4ec4-9254-8498f65977e3
- Sist endret
30. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10289602