Hopp til innhold

Kokk til sentralkjøkenet på Husnestunet

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Matforsyning

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Omtale av stillinga

Kvinnherad kommune har ei eiga eining for matforsyning som distribuerer mat til institusjonar og bufellesskap i kommunen. Vi treng kokk i 100% stilling. Eininga held til på Husnestunet, og er Kvinnherad sitt "storkjøken" på matlevering. Her arbeider du i lag med fleire kjekke kollegaer, der fokus er kvalitet på leveransar til brukargruppa vår. I tillegg til å produsere middag/bakverk, så har ein catering og selskapsverksemd. Her vil du arbeide i eit pulsersande miljø, med høgt tempo, der kvalitet på det vi leverer er i fokus. 

Arbeidsoppgåver
  • Produksjon av varm og kald mat til institusjonar, bufellesskap heimebuande og kafeteria og noko private arrangement. 
  • Kjennskap til Normalkost/spesialkost/diettar.
  • Pakking og distribusjon av matvarer til dei ulike institusjonane i Kvinnherad kommune.
  • Reinhald på arbeidsplassen og anna forfallande arbeid.
  • Andre oppgåver kan verte tillagt stillinga.

 

Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som kokk
  • Føremon med erfaring i frå institusjonskjøkken
  • Kjennskap til produksjons -og næringsmiddelhygiene
  • Førarkort kl. B

 

Personlege eigenskaper
  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ansvarsfull og nøyaktig
  • Serviceinnstilt

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

 

Vi tilbyr
  • Arbeid på dagtid, måndag til fredag
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
  • Kvinnherad kommune har gratis SFO og reduserte barnehageprisar

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Finn Solberg

+47 91569872

finn.solberg@kvinnherad.kommune.no

Om bedriften

Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0cd237bf-1a4c-4dad-8365-70f7207fb8c0

Sist endret

9. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3615641_226023_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser