Hopp til innhold

Kjøkken assistent

Arbeidsgiver

Drift Stord, Helse Fonna HF

Sted

Tysevegen 64, 5416 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Kjøkkenassistent
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Ved kjøkkenet på Stord sjukehus produserer vi mat som gir energi, tryggleik og glede til pasientar og kollegaer.

No ser vi etter ein person som vil vere med å lage sunn og smakfull mat til dei som treng det som mest.

Du blir ein del av eit flott team som serverer måltid til pasientar, tilsette og besøkande – og som har ansvar for produksjon til både pasientkantiner og personalkantina.

Her lagar vi rundt 100 000 porsjonar i året – med stoltheit og respekt for råvarene og for menneska vi lagar maten til.

Stillinga er 100 % og inneheld arbeid kvar tredje helg. Oppstart etter avtale. Med moglegheit for forlenging.

👉 Har du spørsmål? Ta kontakt med Ann-Britt Aarnes Sikveland (funksjonsleiar) på 92406637.


Kva går jobben ut på?

  • Generelle kjøkkenoppgåver - kantine, assistentoppgåver og kjøkkenreinhald
  • Kjennskap til hygiene og mattrygghet
  • Samarbeid med øvrige ansatte i avdelinga
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og service overfor brukarar og ansatte

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Fordelaktig med erfaring frå institusjonskjøkken eller tilsvarande 
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Er kjend med IT-verktøy

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • er ein lagspelar, men òg trygg på eigne vurderingar
  • held høg standard på det du leverer – og stiller krav til deg sjølv
  • stiller høge krav til kvalitet og eigne resultat
  • tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Kvifor skal du velje oss?

  • Ein spanande og variert arbeidskvardag
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Kontaktinformasjon

Robert Holmstrøm, Avdelingsleiar, +47 992 88 040

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5113928606
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Robert Holmstrøm

Avdelingsleiar

+47 992 88 040

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9132add6-cc84-4354-b2f9-61e91fe3fe0d

Sist endret

16. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

27a48d7db5304d93b511015a9b9bb6dd

Lignende annonser

Laster lignende annonser