Hopp til innhold

Kjøkken assistent

Arbeidsgiver

Drift Stord sjukehus

Sted

Tysevegen 64, 5416 Stord

Om jobben

Oppstart
4. mai 2026
Stillingstittel
Kjøkkenassistent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Ved kjøkkenet på Stord sjukehus produserer vi mat som gir energi, tryggleik og glede til pasientar, tilsette og besøkande.

No ser vi etter deg som vil vere med å lage sunn og smakfull mat til dei som treng det som mest. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø, ein variert arbeidskvardag og eit team som er stolte av jobben dei gjer. Her lagar vi rundt 100 000 porsjonar i året, med stoltheit og respekt for både råvarene og menneska vi lagar maten til. Stillinga er 100 % og inneber arbeid kvar tredje helg. Oppstart etter avtale, med moglegheit for forlenging.

👉 Har du spørsmål? Ta kontakt med Ann-Britt Aarnes Sikveland (funksjonsleiar) på 92406637.


Kva går jobben ut på?

  • Vere med i den daglege drifta av kjøkken og kantine.
  • Lage til og servere mat til pasientar, tilsette og besøkande.
  • Utføre assistentoppgåver og kjøkkenreinhald.
  • Følgje gjeldande rutinar for hygiene og mattryggleik.
  • Samarbeide med kollegaer for å sikre kvalitet og god service.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Det er ein fordel om du har erfaring frå institusjonskjøkken, storkjøkken eller tilsvarande arbeid
  • Det er ein fordel om du har kjennskap til hygiene, reinhald og mattryggleik
  • Du må ha gode norskkunnskaper, både muntlig og skriftlig.
  • Du må ha grunnleggjande digitale ferdigheiter.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • trivst med å samarbeide med andre og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • tek ansvar og jobbar sjølvstendig når det trengst
  • er nøyaktig og oppteken av å levere god kvalitet
  • tilpassar deg ulike oppgåver og tek endringar i kvardagen på ein god måte

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

  • du får ein variert arbeidsdag der du bidreg til gode måltid for pasientar, tilsette og besøkande
  • hos oss blir du ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • du får moglegheit til å lære og utvikle deg i arbeidet
  • løn etter gjeldande tariffavtale

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ann-Britt Aarnes Sikveland, Funksjonsleiar, +47 53490903, ann-britt.aarnes.sikveland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5087490252
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.05.2026
Sluttdato: 03.01.2027
Søknadsfrist: 30.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Ann-Britt Aarnes Sikveland

Funksjonsleiar

+47 53490903

ann-britt.aarnes.sikveland@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c688972e-7e88-448d-83e2-4ddd31ecde24

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

692abcb216134433820d38f12bb66fab

Lignende annonser

Laster lignende annonser