Hopp til innhold

Helsefagarbeidar, heimetenesta i Leikanger

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Helse og omsorg

Sted

Riverdalen 5, 6863 Leikanger

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidstid
Natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i overmorgen

Me har ledig stilling som helsefagarbeidar i heimetenesta og håpar du vil bli vår nye kollega.

Som helsefagarbeidar i Leikanger heimeteneste blir du  ein del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

Me har stor bredde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.

Leikanger heimeteneste held til i same bygg som sjukeheimen, og ligg også i tilknyting til legekontor og fysio/ergoterapitenesta. Noko som gir eit godt tverrfagleg samarbeid i tenestene våre, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.

Om stillinga
Leikanger heimeteneste har ledig følgjande stilling: Helsefagarbeider 50% vikariat på natt, ledig frå d.d. og til 31.12.2026. Stillinga er på natt i turnus med arbeid kvar 3. helg. Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg pleie og omsorg til heimebuande.
  • Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
  • Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar
  • Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie
  • Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
 Kvalifikasjonar:
  • Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar/vernepleiar med norsk autorisasjon
  • Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel
  • Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens og geriatri/psykiatri.
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
  • Er løysingsorientert og positiv
  • Er fagleg sterk og er trygg i rolla som helsefagarbeidar
  • Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Taklar ein uforutsett arbeidskvardag
  • Er ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
  • Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Løn etter tariff

Berre søknadar mottekne innan frist og levert Mea EasyCruit vert tekne i betraktning.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ann Gjerland

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ce320e00-f8ec-4b81-a710-feb926c6bcc4

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3589603_189803_nn

Lignende annonser