Helsefagarbeidarar, Balestrand helsetun
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
Hittunsvegen 6, 6899 Balestrand
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. februar
Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til Balestrand helsetun - no er det ledige stillingar, og me håpar du vil bli vår nye kollega!
Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.
Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta ligg i tilknyting til helsetunet og ein har eit tett samarbeid. I same bygget ligg også legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta.
Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.
Om stillingane
Balestrand helsetun og heimeteneste har ledig følgjande stillingar som helsefagarbeidar:
- 80% fast stilling i todelt turnus på helsetunet frå d.d.
- 100% fast stilling i tredelt turnus på helsetunet frå d.d.
- 100% fast stilling i tredelt turnus på helsetunet frå d.d.
Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane. Stillingane er i turnus med 3. kvar helg.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim
- Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
- Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar
- Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie
- Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
- Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar/vernepleiar med norsk autorisasjon
- Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel
- Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg. Krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane.
- Løysingsfokusert
- Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
- Årsturnus
- Løn etter tariff
Berre søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4e877406-4d8f-4617-8dd1-f8ede8e5eeb0
- Sist endret
29. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3589601_194697_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Sted
Leikanger
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
Sted
Balestrand
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
Sted
Balestrand