Hopp til innhold

Sommarvikarar i Balestrand - sjukeheim, heimetenesta, vaskeri og kjøkken

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste

Sted

Hittunsvegen 6, 6899 Balestrand

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 28. februar

Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. I tilknyting til helsetunet ligg både heimetenesta, legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen. Me har stor bredde i arbeidsoppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Helsetunet har eige kjøken som lager god heimelaga mat. Helsetunet har og eige vaskeri og ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell.  

 

Om stillinga 

Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2026 til helsetunet, heimetenesta, vaskeri og kjøkkenet i Balestrand.  

Arbeidsperioden vil vere i tida 15.06.2026 - 16.08.2026 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden; perioden du kan jobbe og kor du ynskjer å jobbe. Søkarar som kan jobbe heile perioden vil bli prioritert. 

Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Helsehjelp til eldre på sjukeheim, brukarar i heimetenesta og omsorgsbustad 

  • Heimehjelpsoppgåver 

  • Oppfølging av ernæring 

  • For kjøkken; tilberede mat, utlevering av mat, ivareta hygiene og kjøkkenrelaterte oppgåver 

  • For vaskeri; vask av pasient – og personaltøy. Reinhald 

Kvalifikasjonar: 

  • Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. 

  • Vere fylt eller fylle 18 år i 2026 (for søkjarar til kjøkken/frukostvert vil yngre bli vurdert) 

  • Førarkort for dei som skal jobbe i heimetenesta

Personlege eigenskapar: 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.  

  • Oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag. 

Spesielle vilkår for stillinga: 
Dei som vert tilsett må leggje fram: 
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato. 
- Politiattest av ny dato. 

Me tilbyr: 

  • Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje. 

  • Løn etter tariff jf. HTA. 

  • Relevante helsefaglege utdanningar på høgskule- /universitetsnivå som har fullført første året vert lønna som fagarbeidar, og som fagarbeidar med 8 års ansiennitet om du har fullført andre året. 
  • Tilrettelagt turnus med moglegheit for langvakter. 

  • Me tilsett fortløpande.

Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling. 

Og du, som sommarvikar i denne stillinga får du høve til å delta på Sognacamp! Sognacamp er ei fem veker lang sommaroppleving for dei heldige som har sommarjobb i Sogn. Målet er å gi deg ein verdifull inngang til arbeidslivet, samstundes som du får utforske moglegheitene i vakre Sogn og bli kjend med andre som har sommarjobb her.

Vil du ha ein sommar du aldri gløymer? Då er Sognacamp for deg! Du får meir informasjon og høve til å melde deg på når du har fått tilbod om sommarjobben. Les meir her: Sognacamp

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Eli Sleire Ese

Avdelingsleiar helsetunet

90296294

eli.sleire@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b7fcd02c-065d-4242-861a-f740b13896b1

Sist endret

29. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3575827_194697_nn

Lignende annonser