Helsefagarbeidar, heimetenesta i Leikanger
Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Ohnstadhaugen 15, 6863 Leikanger
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Me har ledig stilling som helsefagarbeidar i heimetenesta og håpar du vil bli vår nye kollega.
Som helsefagarbeidar i Leikanger heimeteneste blir du ein del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.
Me har stor bredde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.
Leikanger heimeteneste held til i same bygg som sjukeheimen, og ligg også i tilknyting til legekontor og fysio/ergoterapitenesta. Noko som gir eit godt tverrfagleg samarbeid i tenestene våre, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.
Om stillinga
Leikanger heimeteneste har ledig følgjande stilling: Helsefagarbeider 50% vikariat på natt, ledig frå d.d. og til 31.12.2026. Stillinga er på natt i turnus med arbeid kvar 3. helg. Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillinga.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg til heimebuande.
- Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
- Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar
- Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie
- Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
- Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar/vernepleiar med norsk autorisasjon
- Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel
- Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens og geriatri/psykiatri.
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
- Er løysingsorientert og positiv
- Er fagleg sterk og er trygg i rolla som helsefagarbeidar
- Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Taklar ein uforutsett arbeidskvardag
- Er ansvarsfull og serviceinnstilt
- Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
- Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
- Løn etter tariff
Berre søknadar mottekne innan frist og levert Mea EasyCruit vert tekne i betraktning.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
422aacc6-7670-4100-a78c-9c8d070916a6
- Sist endret
29. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3589603_194681_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
Sted
Balestrand
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Sted
Leikanger