Hopp til innhold

Er du assistent eller helsefagarbeidar og engasjert i eldreomsorg?   

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen

Om jobben

Stillingstittel
Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar til helgestillingar ved somatisk avdeling
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
4
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 8. juli

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65  plassar fordelt på tre avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege.  

Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar som vil jobba fast helg ved somatisk avdeling på Osterøytunet. Det er også moglegheit for vikariat. Stillingane på helg ved somatisk avdeling variere fra 14,79% til 17,37%, med kvar 3. helg eller kvar 4. helg. Det vil verte moglegheit for ekstravakter.

Me har no ledig tre faste stillingar på helg med oppstart frå 01.09.2026.

Meir informasjon om stillinga får du ved å henvenda deg til kontaktpersonen vår.

På Osterøytunet nyttar vi moderne velferdsteknologiske løysingar, mellom anna nytt digitalt alarmsystem med mobile responsløysingar og RoomMate.

Me har fokus på utvikling, kompetansedeling og eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får bidra med erfaringar og vere del av utviklinga av tenestene.


Kven søkjer vi etter?

Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre med ulik grad av omsorgsbehov. Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg! 

Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss! 


Vi tilbyr deg

  • Ei spanande og gjevande stilling
  • God opplæring
  • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust)
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapeleg omsorg og pleie
  • Praktiske oppgåver i avdelingene
  • Bistand og rettleing ut frå pasientens behov
  • Målretta miljøarbeid
  • Bruk av digitale plattformer og journalsystem

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeider er ynskjeleg, men andre kan også søkja
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk 
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • Personleg egnaheit vil verte vektlagt
  • Grunnleggjande IT- Kunnskaper for bruk av digitale plattformer og journalsystem

De er krav om gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md om du får tilbod om stillinga. 

Osterøy kommune har 6 md prøvetid


Kontaktpersoner for stillingen

Lina Traskinaite

Einingsleiar

+4746420526

lina.traskinaite@osteroy.kommune.no

Linea Vedå

Avdelingsleiar

+4747262086

linea.veda@osteroy.kommune.no

Om bedriften

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ce0b4217-544a-4b08-a7bc-087ae5aa5d11

Sist endret

22. juni 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10300750

Lignende annonser

Laster lignende annonser