Helgestilling ved Hauge bustad
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Helgestilling ved Hauge bustad
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. juli
Om stillinga
Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Me gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansetteutfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Hauge bustad har no ein ledig helgestilling på 23,77% storleik som helsefagarbeidar med arbeid kvar 4. helg. Kortvakt fredag, langvakter på 14 t. laurdag og søndag.
Vi som arbeider ved Hauge bustad ønskjer oss ein ny kollega som både kan, vil og ønskjer å bidra med fagleg engasjement og omsorg. Det er viktig at du er ein trygg og roleg person som kan gje god omsorg til andre menneske, og er god på relasjonsbygging og kommunikasjon.
Stillinga er ledig frå 1.september 2025.
Om du tenkjer at dette kunne vere noko for deg, ønskjer vi veldig gjerne å høyre frå deg.
Osterøy kommune har 6 månaders prøvetid for nytilsette
Arbeidsoppgåver
- Bidra til omsorg, pleie og målretta miljøarbeid.
- Følgje opp tiltak og prosedyrer.
- Oppdatere og vedlikehalde ulike prosedyrar.
- Medikamenthandtering.
- Journalføring - avvikshandtering.
- Førefallande arbeid.
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver.
- God opplæring.
- Inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Høg fagleg kunnskap hjå dine kollegaer.
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår som tilsett i Osterøy kommune.
Du vil i aller høgste grad få ein arbeidskvardag som gjer meining.
Ved Hauge bustad gjer du viktig og meiningsfylt arbeid!
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev innan helsefag/barne -og ungdomsarbeidar.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming.
- Må kunne arbeide sjølvstendig.
- Kjennskap til kap 9 tvang og makt er ønskjeleg.
- Sertifikat klasse B.
Personleg egnethet vil bli vektlagt.
Om du får tilbod om stillinga må du legge fram godkjent politiattest som ikkje er eldre enn 3 md.
Kven er du?
- Du har ei grunnleggjande respekt for menneske og eit engasjement for brukargruppa.
- Du er ein god lagspelar og bidrar aktivt til å ivareta eit godt arbeidsmiljø.
- Du er trygg på deg sjølv og kan handtera uforutsette situasjonar med ro og tryggleik.
- Du har ei løysingsorientert tilnærming til utfordringane i arbeidet.
- Du har ei høg etisk medvetande og evne til kritisk refleksjon.
- Du er lojal mot felles beslutningar.
- Du har ei god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar.
Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt i rekrutteringsprosessen.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ac65d4dc-92aa-4c90-bbad-0829b848baee
- Sist endret
17. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10300132