Hopp til innhold

Helsefagarbeidar - 100% faste stillingar 

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen

Om jobben

Stillingstittel
Er du helsefagarbeidar og søkjer nye utfordringer? Vi har to faste stillinger i 100%
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Om stillinga

Osterøytunet ligg i nydelege naturomgjevnader på Hauge, eit knutepunkt på Osterøy, og er den einaste sjukeheimen i Osterøy kommune.

På Osterøytunet arbeider vi saman for å skape ein heim der alle bebuarar kjenner seg trygge, ivaretekne og verdsette. Vi legg vekt på å tilby heilskapleg omsorg av høg kvalitet, der både fysisk og psykisk helse står sentralt. Gjennom fagleg dyktigheit, omsorg og engasjement arbeider vi for å gje kvar enkelt bebuar ein meiningsfull og god kvardag – prega av respekt, glede og fellesskap.

Vi er organiserte i tre avdelingar med totalt sju grupper og 65 einsengsrom fordelt på somatiske plassar, demensplassar og korttidsopphald. Som helsefagarbeidar ved sjukeheimen vår får du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane, samstundes som du bidreg til den daglege drifta på gruppa.

Du får delta på legevisitt saman med sjukepleiar, og vi legg til rette for kompetanseheving for helsefagarbeidarar i møte med nye oppgåver og ansvarsområde. Dette er ei spennande og givande stilling der du får moglegheit til å utvikle deg vidare som fagperson.

Vi har årsturnus, der dei tilsette har moglegheit til å påverke utforminga av eigen turnus.

Det kan på sikt bli mogleg å gå turnus med langvakter.

Vi opnar òg for tilsetting i vikariat.

Stillingane er ledige frå 28.09.2026, med moglegheit for tidlegare oppstart.

 

 


Arbeidsoppgåver til stillinga

Som helsefagarbeidar på Osterøytunet vil ein ha variasjon i arbeidsoppgåver. Det å yte fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientar med somatisk behov vil vere ein sentral, viktig og kontinuerleg oppgåve. Observasjon og vurdering av pasientanes helsetilstand vil og naturleg høre til rolla som helsefagarbeidar, samt å gje bistand og rettleiing ut frå den enkelte pasienten sine behov. 

På Osterøytunet arbeidar vi med målretta miljøarbeid og du som fagperson vil ha ei sentral rolle inn i sikring av eit positivt, inkluderande og fagleg arbeidsmiljø. Du vil handtere og nytte digitale plattformar og journalsystem, og du vil bli tildelt primærkontaktoppgåver. 

Vi vil sjølvsagt syte for at du får naudsynt opplæring når du blir vår nye kollega. Leiinga og kollegagruppa vil ta deg godt imot, heie på deg og støtte deg slik at du opplever meistring i din arbeidskvardag, og vi forventer det same av deg som vår nye kollega. 


Vår nye kollega kan forvente 

  • Ei spanande og gjevande stilling
  • Moglegheit til å samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme
  • Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus. Alle tilsette får kome med ønskje og innspel til ny årsturnus som normalt skjer om hausten 
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår som offentleg tilsett. Våre forsikringar er for tida plassert hjå KLP
  • Leiarar og kollegaer som står klar til å ta varmt imot deg, og som gler seg til nettopp du blir ein del av vårt lag!

Kvalifikasjonar for stillinga

  • Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar eller hjelpepleiar. 
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk
  • Erfaring frå pleie og omsorg er ein fordel, men ikkje eit krav. Det vil bli gitt opplæring på arbeidsplassen
  • Interesse for arbeid med eldre og forståing av deira behov vil vere ein føresetnad i arbeidet
  • Gode samarbeidsevner er viktig, men det er også viktig at ein evner å arbeide godt sjølvstendig og ta gode avgjerdsler
  • Grunnleggjande IT- kunnskaper for bruk av digitale plattformer og journalsystem vil vere eit føremon
  • Relevant vidareutdanning er ein fordel men ikkje eit krav. Om du går med ønskje om å vidareutdanne deg, ønskjer vi og gjerne å høyre om dette! 

Andre opplysningar / Ansettelsesvilkår: 
Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. om du får tilbod om stillinga. 
Tilsetting skjer med 6 månaders prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk i kommunen.


Kven er du?

Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg! 

Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss for ein hyggeleg prat! 


Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Kontaktpersoner for stillingen

Lina Traskinaite

Einingsleiar

+4746420526

lina.traskinaite@osteroy.kommune.no

Linea Vedå

Avdelingsleiar

+4747262086

linea.veda@osteroy.kommune.no

Om bedriften

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9376dc6c-89a3-4e59-8d4c-5a293be854ec

Sist endret

26. juni 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10301425

Lignende annonser

Laster lignende annonser