Hopp til innhold

Forskar/Prosjektassistent i oseanografi og maskinlæring

Arbeidsgiver

Meteorologisk institutt

Sted

Allégaten 70, 5007 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Forskar/Prosjektassistent i oseanografi og maskinlæring
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 20. mai

Om stillinga

Ved Avdeling for oseanografi og maritim meteorologi (OM) i Havdivisjonen til Meteorologisk institutt (MET) i Bergen er det ledig ei midlertidig treårig stilling som prosjektassistent (stillingskode forskar 1108) i det nye EU-prosjektet EU-FUSION. Prosjektet omhandlar utvikling og tilrettelegging av maskinlæringsmetodar til bruk på våre oseanografiske og meteorologiske datasett. 

MET varslar vêret, overvakar klimaet og driv forsking. Sidan instituttet vart etablert i 1866, har norske meteorologar stått sentralt i utviklinga av faget. MET er i dag eit leiande internasjonalt kompetansemiljø. Ved OM-avdelinga i Bergen er tryggleiken til sjøs eit viktig tema. Vi har ansvaret for utviklinga av bølgevarslingstenestene og for dei operasjonelle beredskapsmodellane som bereknar  drift i sjøen for slik som olje, skip og søk- og redningsobjekt. Vi har dei siste åra brukt mykje ressursar på å utvikle det nye klimaarkivet NORA3. Vi har eit ansvar for å gjere meteorologiske og oseanografiske (metocean) data tilgjengelege for offentlege etatar samt offshoreindustrien og havvindnæringa. NORA3 og andre klimadata vil bli tilrettelagt for brukarar av våre tenester i EU-FUSION.  Det er difor stort behov for arbeid knytt til tilrettelegging av klimadata. Ein viktig del av denne stillinga vil difor vere knytt til effektivisering og til dels automatisering av uttrekk av data frå våre klima-arkiv.


Arbeidsområde 

Stillinga skal yte fagleg støtte til koordinering av forsking i prosjektet EU-FUSION og skal bidra til forskinga i prosjektet. Stillinga skal også yte administrativ og praktisk støtte til prosjektet. Sentrale oppgåver blir:

  • Å forske (50% av tida) innan maskinlæring/statistiske metodar som er relevante for metocean, slik som vidareutvikling av kodebiblioteka metocean-stats og metocean-ml (nedskalering av meteorologiske og oseanografiske modelldata).
  • Å bistå med å etablere og oppretthalde kontakt med eksterne samarbeidspartnarar i samråd og samarbeid med fagleg leiar og økonomicontroller.
  • Å bidra i formidlings- og informasjonsarbeid om forskingsaktivitetar og sørgje for eit nærvær på sosiale medie.
  • Å ha delansvar for koordinering og gjennomføring av større og mindre arrangement.

Stillinga byr på spennande utfordringar i eit godt miljø med høgt tempo og samarbeid med fagmiljø internt, nasjonalt og internasjonalt. I denne stillinga er det særskilde krav til norskkunnskapar då det vil vere mykje kontakt med brukargrupper i statlege institusjonar og norsk industri.


Kvalifikasjonskrav

  • MSc eller tilsvarande innan oseanografi, meteorologi, energi, fysikk, informatikk eller nærliggjande fagområde er ein føresetnad
  • Erfaring med statistiske metodar er ein føresetnad
  • Erfaring frå programvareutvikling i eit Linux-miljø er ein føresetnad
  • Erfaring med skript-programmering i Python er ein føresetnad
  • Erfaring frå administrasjon eller prosjektkoordinering er ein fordel.
  • Kjennskap til maskinlæringsmetodar for meteorologiske og oseanografiske data er ein fordel
  • MET har norsk som arbeidsspråk. Gode skriftlege og munnlege kunnskapar i engelsk er også eit krav, og utanlandske søkjarar må vere villige til å lære seg norsk
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, og gode samarbeidsevner er viktig og vil bli tillagt vekt
  • Personlig egnethet blir tillagt vekt

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar i eit moderne, teknologisk miljø
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse (SPK) med gode ordningar for pensjon, forsikringar og bustadlån (les meir her: https://www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
  • Fleksibel arbeidstid med sommartid. Høve til éin time trening i arbeidstida i veka 
  • Stillinga blir løna i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten som 1108 forsker, etter kvalifikasjonar. Lønsspenn kr. 536.200 - kr. 579.700. For særleg kvalifiserte kan høgare løn vurderast. Frå løna blir det trekt 2 % lovpålagt innskot til Statens Pensjonskasse. 
  • Høve til heimekontor ein til to dagar i veka etter avtale. 

Mangfald og positiv særbehandling

Vi meiner at mangfald er ein styrke, og ynskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, arbeidserfaring, kjønn, livserfaring og perspektiv. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss uavhengig av etnisk bakgrunn, alder eller funksjonsevne. 

Vi praktiserer positiv særbehandling og vil kalle inn minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju: søkarar med funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. For å bli vurdert i ein eller fleire av desse kategoriane må du markere rett kategori i søknaden. 

Funksjonsnedsetting: Søkarar som har behov for tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet. 

Innvandrarbakgrunn: Søkarar som sjølve har innvandra til Noreg, eller som er fødde i Noreg med to foreldre som begge har innvandra til Noreg. 

Hol i CV: Søkarar som har hatt opphald frå arbeid, utdanning eller opplæring i til saman minst to år dei siste fem åra på grunn av til dømes fysisk eller psykisk sjukdom eller skade, rus eller soning. 

Avkryssingane kan bli brukte til anonymisert statistikk eller rapporteringsføremål. 

Offentleggjering av søkarliste til stillingar i offentleg sektor er eit viktig prinsipp for å sikre openheit. Dersom du ynskjer at namnet ditt skal unntakast frå søkarlista, må du sjølv be om det og gje oss ei grunngjeving. For at du skal kunne unntakast frå offentleg søkarliste, må grunngjevinga di vege tyngre enn omsynet til innsyn i søkarlista. Dersom ynsket ditt ikkje blir teken til følge, vil du ha høve til å trekke søknaden. 


Søknaden

Søknaden med CV og andre vedlegg skal sendast elektronisk via Jobbnorge.no. Legg ved attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på norsk, eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsettingar må vere autoriserte. Før ei eventuell tilsetting vil vi kontrollere dokumenta. Ved utanlandsk utdanning ber vi om at du legg ved ei forklaring av karaktersystemet. 


Kontaktpersoner for stillingen

Konstantinos Christakos

Forskar

konstantinos.christakos@met.no

Øyvind Breivik

Avdelingsleiar Oseanografi og maritim meteorologi

+4791102707

oyvind.breivik@met.no

Om bedriften

Meteorologisk institutt varslar vêret, overvakar klimaet og driv samfunnskritisk forsking. Vi har levert kritiske, meteorologiske tenester til det norske samfunnet i over 150 år. Vi sørger for at redningshelikopter kjem trygt fram, og at beredskapsetatane er førebudde på ekstremvêr og anna farleg vêr. Våre spesialtenester blir brukte ved luftforureining, oljeutslepp, vulkanutbrot og atomulykker. Felles for alt arbeidet vårt er hovudmålet om å sikre liv og verdiar. Kvar dag er òg Yr ein del av planlegginga til folk innanlands og utanlands. 

Moderne meteorologi krev handtering og analyse av enorme datamengder, og byr på store og spennande faglege utfordringar. 

 

Vi har òg eit forskarmiljø med rundt 180 forskarar innanfor vêr, hav, luftkvalitet og samfunnstryggleik. Vi er i dag eit leiande internasjonalt kompetansemiljø innan varsling og klimaforsking med hovudkontor i Oslo og kontor i Tromsø og Bergen. Blant våre samarbeidspartnarar finn du mellom anna Statens vegvesen, NTB, Avinor, Bane NOR, Miljødirektoratet, Folkehelseinstituttet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Forsvaret, Luftfartstilsynet og mange fleire. Du kan lese meir om kva vi gjer på strategi.met.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cde33382-e0e3-452f-afa6-8eff73b5c1c2

Sist endret

23. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10292618

Lignende annonser

Laster lignende annonser