Lærar ved Stadlandet skule
Stadlandet skule, Stad kommune
Øvre Sjåstad 2, 6750 Stadlandet
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar ved Stadlandet skule
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. juni
Har du lyst til å bli ein del av teamet på Stadlandet skule?
Vi har ledig 100 % vikariat frå 01.08.2026, som lærar 1. - 10. trinn.
Stadlandet skule ligg på Leikanger og er ein 1-10-skule med om lag 140 elevar. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman i team i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisningsøkter
- Leie læringsarbeidet ved å legge til rette for praktiske og varierte læringsaktivitetar i klasser og grupper
- Arbeide systematisk og målretta med grunnleggande ferdigheiter i alle fag
- Bidra i skulen sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
- Delta og bidra i samarbeid med kollegaer
- Tett samarbeid med føresette, interne og eksterne samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Godkjent grunnskulelærarutdanning 1–7 eller 5-10
- Søkjarar med faglærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning kan òg verte vurderte, særleg dersom dei har fagleg fordjuping i norsk, matematikk eller engelsk
- Det er særleg ønskjeleg med kompetanse i engelsk og spesialpedagogikk
- Gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har god relasjonskompetanse
- Du har gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell- og sosial bakgrunn og med ulike livssyn
- Du kan leie grupper og klasser på ein god og inkluderande måte
- Du arbeider sjølvstendig og systematisk
- Du har god vurderingsevne og god rolleforståing
- Du har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysingsorientert
- Du kan syne til stabilitet og kontinuitet over tid
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Gode lærings- og arbeidsmiljø
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Dei som vert tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato.
Stad kommune har prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
For meir informasjon ta kontakt med rektor Stig W. Ågedal-Mortensen tlf 930 13 021.
Kontaktinformasjon
Stig W. Ågedal-Mortensen, Rektor Stadlandet skule, 930 13 021, stig.agedal-mortensen@stad.kommune.noArbeidsstad
Øvre Sjåstad 26750 Stadlandet
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5132135474
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 07.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cd89f3bc-4b6c-49f7-b687-0aabe71f5e9f
- Sist endret
27. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e68c9cd8a8c14c21a970ee53302a3352