Lønsansvarleg
Herøy kommune, HR/HMS avdelinga
Rådhusgata 7, 6090 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Lønsansvarleg
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. april
Vi styrkjer lønsstaben. Er du klar for å ta heilskapleg ansvar for løna vår?
Vi søkjer ein strukturert og fagleg sterk lønsansvarleg, som ønsker å ta eit heilskapleg ansvar for lønsprosessen i Herøy kommune. Rolla passar for deg som trivast med å ta ansvar, utvikle gode rutinar og medverke til at våre tilsette kjenner seg trygge og har tillit til lønsprosessane. Du vil ha ansvar for planlegging, gjennomføring og kontroll av lønskøyring.
Stillinga er plassert i HR/HMS-avdelinga, som saman med økonomi- og kommunikasjonsavdelinga utgjer sektor for verksemdstyring, som er eit viktig bindeledd mellom sektorane i kommunen. I rolla som lønsansvarleg rapporterer du til avdelingsleiar for HR/HMS.
Du vil få ei stor kontaktflate internt i organisasjonen og vere med i nettverkssamarbeidet for kommunane i Sjustjerna.
Arbeidsoppgåver
- heilskapleg ansvar for løna frå A-Å
- sikre at alle løns- og personaldata er korrekte, oppdaterte og vert handsama til riktig tid
- rekne ut, avstemme og betale ut feriepengar i tråd med ferielova
- handtere sjukepengerefusjonar og oppfølging mot Nav i høve til gjeldande regelverk
- sikre rett innbetaling og rapportering av skatt, arbeidsgjevaravgift og andre lovpålagde ytringar og trekk
- rapportere A-melding og lønsdata til KLP/SPK
- kvalitetssikre lønskøyringa før utbetaling
- bokføre, avstemme og gjennomføre årsavslutning for løn, skatt, arbeidsgjevaravgift, pensjon og eventuelt andre forhold som forpliktar
- samarbeide med økonomiavdelinga for å sikre korrekt månadsavslutning
- administrator for lønssystemet (Visma Enterprise Plus HRM)
- kontaktperson for lønsrelaterte spørsmål frå leiarar
- rettleie og gi opplæring til leiarar
- samarbeide med økonomi, HR og revisor
- identifisere og medverke til forbedringar i lønsprosessar, system og rutinar
Arbeids- og ansvarsområde kan bli endra noko over tid, avhengig av utviklinga innan fagfeltet og samarbeidet internt og mellom kommunane.
Kvalifikasjonar
Utdanning på høgskule/universitetsnivå i økonomi og administrasjon, økonomi og digitalisering eller anna utdanning som er relevant for fagområde
- erfaring frå totalt ansvar med lønsarbeid og gjerne erfaring i bruk av Visma Enterprise Plus
- kunnskap og erfaring i bruk lov- og avtaleverk innan kommunal sektor er ønskeleg
- erfaring frå rekneskap og bokføring knytt til løn er ønskeleg
- har forståing av samanhengen mellom løn og rekneskap
- erfaring med samarbeid på tvers av løn, økonomi og HR
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- du likar å ta ansvar og kjem gjerne med forslag til forbetringar
- nøyaktig, effektiv og strukturert
- sjølvstendig og likar samtidig å arbeide i team
- trygg på eigen kompetanse og opptatt av å halde deg fagleg oppdatert
- du er engasjert, positiv og medverkar godt til eit fagleg og sosialt miljø
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskapar og erfaring.
Vi tilbyr
- ei utfordrande og interessant stilling med høve til fagleg utvikling
- høve til å vere med å påverke og utvikle fagområdet
- eit godt fag- og arbeidsmiljø på tvers av organisasjonen
- fleksibel arbeidstidsordning
- gode pensjonsordningar
- løn etter avtale
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offenleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Ann-Kristin Eiken, avdelingsleiar HR/HMS, +47 48 27 90 21Arbeidsstad
Rådhusgata 76090 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5095527495
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Ann-Kristin Eiken
avdelingsleiar HR/HMS
+47 48 27 90 21
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ccac8aae-60d6-4e57-848f-61a30be5a598
- Sist endret
17. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d6a02b31ce38412f92827ce1856b0e66