Vi investerer i deg!
DRIV ØKONOMI AS
6065 Ulsteinvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Rekneskapsførar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 22. april
Driv Økonomi AS - Ulsteinvik
Bli med på laget til eit rekneskapsbyrå i vekst!
Vil du ha ein jobb der du får ansvar, påverknad og fagleg utvikling – i eit miljø der det er kjekt å vere?
Driv Økonomi AS er i vekst, og vi ser no etter ein rekneskapsførar som vil vere med og forme vegen vidare saman med oss. Vi held til i nyoppussa og trivelege lokalar i Ulsteinvik, der du får eige kontor og gode rammer for både samarbeid og konsentrasjon.
Hos oss får du eigen kundeportefølje og tett dialog med kundane dine. Du får jobbe med både rekneskap og rådgjeving, og vere ein viktig sparringspartnar for bedrifter i regionen. Vi har korte beslutningsvegar og stor tillit til medarbeidarane våre – noko som gir både fridom og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag.
Vi jobbar i moderne system og effektive arbeidsprosessar, og brukar mellom anna Tripletex, PowerOffice Go og Maestro Årsoppgjer.
Manglar du autorisasjon?
For den rette kandidaten dekkjer vi kostnadane for å oppnå autorisasjon.
Vi ser etter deg som
• Er rekneskapsførar – eller ønskjer å bli autorisert
• Har erfaring frå rekneskapsbyrå eller liknande
• Trivst i samarbeid med kollegaer og kundar
• Har evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og nøyaktig
• Er løysingsorientert og trygg i kundedialog
• Ønskjer å bidra både fagleg og sosialt i arbeidsmiljøet
Arbeidsoppgåver
• Ansvar for eiga kundeportefølje
• Rekneskap frå A–Å
• Rapportering og årsoppgjer
• Rådgjeving
• Bidra til digitalisering og vidareutvikling av rutinar
Dette får du hos oss
• Fridom og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag
• Varierte arbeidsdagar og tett kundekontakt
• Eige kontor i nyoppussa og trivelege lokalar
• Fleksibilitet og moderne verktøy
• Kurs, opplæring og gode moglegheiter for fagleg utvikling
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Lunsjordning
• Eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
• Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
• Sosiale og faglege arrangement
• Kjekke kollegaer
Bli med på laget då vel 😊
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Aktiv! Moderne! Fleksibel!
Vi ynskjer først og fremst å vere ein aktiv støttespelar for kundane våre. Driv Økonomi AS er opptatt av å ha oppdaterte og moderne løysingar i kommunikasjon med kunden. Eit av måla våre er at kunden skal få ei god kontakt med vår saksbehandlar og tilgang til rekneskapen sin. Vi har lang erfaring og god kompetanse innanfor vårt fagfelt.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c0d821bf-a606-42f3-b737-0f80dceae314
- Sist endret
25. mars 2026
- Hentet fra
recman
- Referanse
469092