Hopp til innhold

For deg som likar å jobbe tett på kundar og finne gode løysingar

Arbeidsgiver

Sognenett

Sted

Dalavegen 25, 6856 Sogndal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
IT-rådgjevar med interesse for folk og teknologi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Stad: Sogndal, Vik eller Gaupne

Stilling: Fast, 100 %

Søknadsfrist: Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande, frist 18.01.2026

Først -- dette får du hjå oss

Ein jobb der du skapar verdi for kundane våre. Eit miljø som satsar og utviklar seg. Ein kvardag der teknologi, menneske og utvikling går hand i hand.

Som IT-rådgjevar blir du ein del av eit lokalt teknologieventyr i vekst, der du får vere med og utvikle både kundar og løysingar. Me jobbar saman, deler kunnskap og heiar på gode idear - også dei litt sprø.

Her får du:
  • Moglegheit til å påverke retninga for det kommersielle arbeidet i ei verksemd i vekst.

  • Ansvar og handlingsrom til å byggje kunderelasjonar på din måte.

  • Ein arbeidskvardag med stor variasjon og tett samarbeid med dyktige kollegaer.

  • Eit inkluderande miljø med humor, høg trivsel og korte beslutningsvegar.

  • Kontor midt mellom fjord og fjell, ein arbeidsplass som faktisk er like fin som han høyrest ut.

Om jobben

Som IT-rådgjevar i Sognenett får du ei sentral rolle i det vidare kommersielle arbeidet vårt. Du jobbar tett på bedriftene i regionen, byggjer relasjonar og hjelper kundar med å finne løysingar som gjer kvardagen deira enklare, tryggare og meir effektiv.

Her blir du den som oppdagar nye moglegheiter, ser behova bak behova, og skapar verdi både for kundane og for Sognenett som heilskap.

I jobben vil du:
  • Vidareutvikle og følgje opp eksisterande bedriftskundar innan mellom anna administrert IT, administrert nettverk og internettløysingar

  • Oppsøkje og skape nye kunderelasjonar, med fokus på langsiktig verdi og stabile IT-løysingar

  • Identifisere kundebehov og utvikle nye forretningsmoglegheiter innan IT-drift, nettverk og konsulenttenester

  • Gjennomføre heile salsløpet -- frå behovskartlegging og rådgjeving til løysingsforslag, forhandlingar og oppfølging

  • Bidra til å vidareutvikle den kommersielle retninga til Sognenett IT og måten me jobbar med kundereiser på

Stillinga krev aktiv kundekontakt ute i felt, så du må ha førarkort klasse B.

Kven er du?

Teknologi og IT-løysingar vekkjer nysgjerrigheita di, og du likar å setje deg inn i nye løysingar og bruke dei i møte med kundar. Samstundes får du energi av menneske og gode samtalar, og har evne til å sjå moglegheiter der andre ser utfordringar. I kundedialog trivst du best når du får skape ei god oppleving og finne løysingar som faktisk treff behovet til kunden. Dette handlar om engasjement, relasjonsbygging og å forstå kva kunden treng.

Ansvar og gjennomføringsevne er viktige drivkrefter for deg. Du likar å vere med på å skape retning og resultat, og er komfortabel med å representere selskapet i møte med både nye og etablerte kundar.

Eigenskapar og kvalifikasjonar me føretrekkjer
  • Erfaring frå IT, kommersielt arbeid eller forretningsutvikling.

  • Gode evner til å forstå kundens behov og omsetje dei til konkrete løysingar.

  • Strukturert, sjølvstendig og trygg på eigen arbeidsmetodikk.

  • Relasjonssterk, profesjonell og tydeleg i kommunikasjon.

  • Erfaring med strukturert salsarbeid er ein fordel, inkludert bruk av CRM og arbeid med pipeline, både kvalifisering av leads og utvikling av nye moglegheiter.

Høyrest det ut som noko for deg?

Send oss ein søknad der du fortel litt om kven du er og kvifor du har lyst å bli med på laget vårt. Legg ved CV og vitnemål, men viktigast av alt er at me får eit godt inntrykk av deg som person.

Søknadsfrist: 18.01.2026

Sognenett leverer internett, TV og IT-tenester til heile Sogn, og er stadig på jakt etter nye måtar å gjere kvardagen enklare og betre for kundane våre. Med 30 tilsette og solid lokal forankring har me store ambisjonar og endå større hjarte.

Mantraet vårt? Meir fart. Meir moro. Spørsmål om stillinga? Ta kontakt med dagleg leiar i Sognenett IT Tore Bø på tlf. 905 08 969

Om bedriften

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cca9f704-8bb7-4f22-82fd-3e7e26388002

Sist endret

19. januar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

442012958

Lignende annonser

Laster lignende annonser