Hopp til innhold

Sjukepleiar i 100 % vikariat - avdeling Smørkøll

Arbeidsgiver

Helsetunet, Øystre Slidre kommune

Sted

Bygdinvegen 2120, 2940 Heggenes

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar i 100 % vikariat - avdeling Smørkøll
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Førebygging og meistring? Vi søkjer etter ein dyktig og engasjert sjukepleiar! 

Det er ledig 100% vikariat frå dags dato til januar 2027.

Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.

Førebygging og meistring består av heimeteneste, korttid/avlastning og omsorgsbustader. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
Vi har todelt turnus med kvar 3.helg eller langvakter kvar 4.helg.

Avdelinga er med i KS-prosjektet TØRN, der du vil få moglegheit til å vere med og forme din eigen arbeidskvardag. I dag er vi ei teneste med mange flinke og dedikerte tilsette. Vi vil gjerne ha med deg på laget som har gode tankar og idear for korleis ein skaper best moglege tenester.

Vi søkjer også etter tilkallingsvikarar og har ledige helgestillingar. 

Vi ser fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
  • Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsrehabilitering
  • Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
  • Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg

Kvalifikasjonar

  • Utdanning og autorisasjon som sjukepleiar 
  • Til helgestillingane og tilkallingsvikarar er det ikkje krav om utdanning, men ønskjeleg med erfaring
  • Ønskjeleg med videreutdanning innan rehabilitering
  • Studentar kan bli vurdert til stillingane
  • Gode norskkunnskapar
  • Sertifikat i klasse B til stillingar i heimetenesta
  • Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4

Personlege eigenskapar

  • Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
  • Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar 
  • Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Gode lønnsbetingelser for sjukepleiarar
  • Nødvendig opplæring og rettleiing
  • Kompetanseheving
  • Opplæring i fagsystem
  • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Gina Kvale Myreng, Tenesteleiar førebygging og meistring, +47 90525192

Arbeidsstad

Bygdinvegen 2120
2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5086403646
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Gina Kvale Myreng

Tenesteleiar førebygging og meistring

+47 90525192

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cbd48c47-f2dd-45ed-b73c-3656acc3e74a

Sist endret

2. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7afdb40dd0df4171bfebe4993f0e8238

Lignende annonser