Sumarvikarar sjukepleiar
Helsetunet Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarvikarar sjukepleiarar
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Vestre Slidre kommune søkjer sumarvikarar i juni, juli og august til helse- og omsorgstenestene i kommunen.
Har du lyst til å ha ein sumarjobb der du kan bidra og samstundes lære mykje? Då er det kanskje deg vi treng!
Har du moglegheiter til å jobbe komprimert i ei kortare periode, er vi opne for forslag.
Arbeidsoppgåver
Vi treng ferievikarar til:- Institusjon og heildøgnsbemanna omsorgsbustadar
- Heimetenesta, i tillegg til sjukepleiar i fengselshelsetenesta
Kvalifikasjonar
- Du må ha fylt 18 år
- Sertifikat for personbil er naudsynt
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar B2 nivå
- Gyldig politiattest må leverast før oppstart
Personlege eigenskapar
- Kunne arbeide sjølvstendig, men også i team
- Positiv og engasjert i arbeidsoppgåvene
- Gode kommunikasjonseigenskapar
- Fleksibel
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Hanne Kårstad, Leiar heimetenesta, 97592703, hanne.karstad@vestre-slidre.kommune.noBente Haugen, Leiar Helsetun, 99690622, bente.haugen@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5114676291
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 03.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noSektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
420d4ec2-1fb6-498d-8f0a-5d739484f7f9
- Sist endret
21. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
417bb0546c2f4417914903dec93f54ac