Hopp til innhold

Vikariat som sjukepleiar på Helsetunet/ heimetenesta 

Arbeidsgiver

Vestre Slidre kommune

Sted

Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Om jobben

Oppstart
25. mai 2026
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Vi  har ledig vikariat på helsetunet, sjukepleiarstilling på institusjon og i heimetenesta.  Denne stillinga kan kombinerast mellom begge tenestene. Ynskjer du å jobbe kun på ein av stadane er det mogleg. 

Stillinga er ledig frå dags dato t.o.m 25.05.2027.

Helsetunet består av langtids- og korttidsplassar, og heildøgnsbemanna omsorgsbustadar. Heimetenesta gir tenester til heimebuande og i omsorgsbustadar.

Stillingen er turnusarbeid, vi har kalenderplan, med arbeid kvar sjette helg, langvakter. På helg har du ansvar i heimetenesta og på helsetunet.  

Ring oss gjerne for ein uforpliktende prat og omvisning.  


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, veiledning og oppfuljing av pasientar med, og utan, kognitiv svikt og alderspsykiatriske diagnoser.  
  • Vere med på å halde fokus på fagutvikling, etisk refleksjon. 
  • Sørge for flyt i avdelinga.
  • Legemiddelhandtering,  laboratorieoppgåver, og anna pasientrelatert administrasjon. 
  • Handtere velferdsteknologiske løysingar.
  • Bidra til å kvalitetssikre at pasientane sin tilstand blir jamnleg vurdert og evaluert. Vere med på vurderingar for å gi pasientar rett oppfølging og vurdering av evt. endra omsorgsnivå.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Bidra til eit fagleg klima med fokus på tilpassa individuell aktivitet.  

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gyldig politiattest må leverast før oppstart.
  • Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg. Krav til B2 nivå i norsk.
  • Kjennskap til pasientjournalsystemet Profil er ein fordel.
  • Førarkort i klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
  • Fleksibel, løysingsorientert og endringsvillig.
  • Evne til å skape framdrift , ta ansvar. 
  • Evne til å prioritere arbeidsoppgåver.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit godt fagleg og triveleg arbeidsmiljø. 
  • Regelmessig internundervisning .
  • God pensjonsordning.
  • Etisk nettverksfellesskap.
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lovverk.
  • Sjukepleiarar med mindre enn 10 års ansiennitet, blir automatisk lønsplassert med ti års ansiennitet ved tilsetting.

Kontaktinformasjon

Bente Haugen, Leiar Sjukeheim, 99690622

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 SLIDRE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 5114679480
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 25.05.2026
Sluttdato: 25.05.2027
Søknadsfrist: 03.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Bente Haugen

Leiar Sjukeheim

99690622

Om bedriften

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

 

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

15cc360c-3fd7-4e22-b525-6346b5fac7a5

Sist endret

21. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c427e6a052de49aca0dc2917886f0554

Lignende annonser

Laster lignende annonser