Sjukepleiar – fast heiltid - vel avdeling
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 23. januar
No har vi faste sjukepleiarstillingar ved Haugesund sjukehus. Det beste? Du kan bli vurdert for fleire avdelingar med éin og same søknad.
Vel avdeling(ar) i søknaden: gastro/nyre, gastrokirurgi/urologi, lunge, geriatri, alderspsykiatri eller akuttpsykiatri – så tek vi det derfrå.
Her er ein kort smakebit på dei ulike avdelingane:
- Gastroenterologisk og nyremedisinsk post – Bli del av ein samansveisa gjeng som støttar kvarandre, med variert kvardag og skikkeleg gode vakter. Du får trygg opplæring og jobbar med pasientar innan mage, tarm, lever og nyrer.
- Gastrokirurgisk/urologisk sengepost – Hos oss blir du del av eit inkluderande og motivert team, med både planlagde og akutte innleggingar. Turnus kan tilpassast etter ønskje, og du kan òg få langvakter i helgene dersom du ønskjer det – i tillegg til fagleg påfyll med fagdager og simulering innan gastrokirurgi, urologi og kreft.
- Lunge post 2 – Du får du eit tilpassa opplæringsprogram, og vi legg til rette for fagleg utvikling og relevant vidareutdanning. Du kan kombinere sengepost og poliklinikk, og med ein 12-månaders kalenderplan får du forutsigbarheit og rom for involvering.
- Eldremedisinsk post (geriatri) – Her blir du del av eit fagmiljø med stort spenn i arbeidsoppgåvene, med fagdager, kurs og simulering som gir kunnskap og praktisk øving. Med kollegastøtteordning og årsplan står du aldri aleine - og du jobbar 16 helger i året.
- Alderspsykiatrisk post – Du møter eit arbeidsmiljø med glede, godt samarbeid og sterk pasientomsorg i kvardagen. Vi legg stor vekt på fagleg utvikling over tid, og du får ein jobb der både du og pasienten blir sett og høyrd – kvar dag.
- Akuttpsykiatrisk post – Du får du MAP i turnus med målretta opplæring og støtte, og vi øver på reelle situasjonar gjennom simulering. Vi har fagdager og stort stort fokus på HMS, og det psykososiale arbeidsmiljøet står i sentrum - vi bryr oss om korleis du har det på jobb, og byggjer lag som held
Er du ny som sjukepleiar? Då oppfordrar vi deg til å søkje. Skriv i søknaden kva avdeling(ar) du ønskjer – så tek vi det derfrå.
👉 Trykk på søk-knappen – vi gler oss til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Observasjon, behandling, stell og pleie til pasientar.
- Utføre og vidareutvikle kliniske ferdigheiter.
- Administrasjon og oppfølging av legemiddel.
- Bruk og overvaking av medisinsk teknisk utstyr.
- Trygg og god oppfølging av pasientar.
- Jobbe i team med ulike faggrupper.
- Dele kunnskap og bidra til læring.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har eit godt lag med folk og er empatisk i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
- likar å vere ein støttespelar for kollegaene dine
- er god til å sjå kva som må gjerast, du tilbyr hjelp og får gjerne hjelp
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Jo, fordi vi har:
- Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring.
- Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
- God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.
- Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.
Kontaktinformasjon
Toril J. Førland, Funksjonsleiar Bemanningssenter, toril.johanson.forland@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5061730604
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
caac151c-de97-49e1-93bd-89b7461da5ba
- Sist endret
19. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
227af24c43c24499b4ad256750cabe69
Lignende annonser
Sjukepleiar Haugaland DPS
Arbeidsgiver
Haugaland DPS - Haugesund og Kopervik
Sted
Kopervik, Haugesund
Arbeidsgiver
Hjemmetjenesten sør, Haugesund kommune
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Sentrum behandlingssenter, avdeling for rehabilitering og korttid
Sted
Haugesund