Hopp til innhold

Kyrkjeverje i Bjerkreim, vikariat 100%

Arbeidsgiver

Bjerkreim Sokn

Sted

Nesjane 5, Vikeså, 4389 Vikeså

Om jobben

Frå august 2026 er det ledig eit årsvikariat som kyrkjeverje i Bjerkreim kyrkjeleg fellesråd, Bjerkreim sokn.

Vi ser etter ein engasjert og strategisk leiar som kan leggje til rette for vekst, styrke og samhald i kyrkja, og forvalte ressursane på ein berekraftig måte.

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Kirkeverge
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 9. juni

Send søknad til

astridav@bjerkreim.kommune.no

Hva vi ser etter

  • Har evne til å planlegge og arbeide sjølvstendig

  • Har relevant utdanning frå universitet/høgskule. Erfaring og realkompetanse kan kompensere for manglande utdanning

  • Har leiarerfaring

  • Har erfaring frå arbeid med strategi, budsjett og økonomi

  • Er personleg eigna til stillinga

  • Meistrar norsk skriftleg og munnleg

  • Er medlem i Den norske kyrkja og kjenner til kyrkja sin eigenart og arbeid

Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk.

Arbeidsoppgaver

  • Ansvar for stabsmøtet og å gjennomføre ulike oppgåver saman med resten av kyrkjestaben

  • Utvikle tenestetilbodet og den gode servicen til kyrkja sine brukarar

  • Vere sekretær for soknerådet/fellesrådet, førebu og fylgje opp vedtak

  • Ivareta arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette i fellesrådet

  • Ha økonomisk og administrativt ansvar for fellesrådet si verksemd

  • Ha ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjene og gravplassane i Bjerkreim

  • Ivareta eit godt samarbeid med sokneprest gjennom dual leiing

  • Ivareta og motivere for frivillig engasjement i kyrkja

  • Vidareutvikle den gode relasjonen til Bjerkreim kommune og andre samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid innanfor ramma til stillinga

  • Ein variert og spennande jobb

  • Kontorplass på kyrkjekontoret på Vikeså saman med sokneprest, diakon, sekretær/kyrkjemusikar og menighetsarbeidar

  • Ordna løns- og arbeidsvilkår. Løn etter avtale og pensjonsordning i KLP


Kontaktperson for stillingen

Astrid Apalset Vassbø

Kyrkjeverje

91198483

astridav@bjerkreim.kommune.no

Om bedriften

Bjerkreim kyrkjelege fellesråd er arbeidsgjevar. Bjerkreim er ein eittsoknskommune med to kyrkjer. I tillegg er det to bedehus med stor aktivitet, soknet samarbeider godt med desse. Vi har ein flott stab og ein aktiv kyrkjelyd.

Bjerkreim ligg i regionen Dalane (Sør-Rogaland), og kommunen har om lag 2800 innbyggarar. Vikeså er kommunesentrum. Kommunen har eit aktivt kultur-, kyrkje- og foreiningsliv og vakker natur.

Det tar ca. 25 min å køyre til Egersund, 50 minutt til Stavanger.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ca326dcd-8598-4856-a751-f8d0a35040a4

Sist endret

28. mai 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

ca326dcd-8598-4856-a751-f8d0a35040a4

Lignende annonser

Laster lignende annonser