Overlege/spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar
Gynekologiske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege/spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. juni
Volda sjukehus søker ein dyktig spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar. Vi ønsker ein allsidig spesialist med gode samarbeidsevner. Vi tilbyr ein aktiv og variert arbeidsdag i eit sterkt og triveleg fagmiljø.
Vi har rundt 500 fødslar i året, i låg- til moderat risikogruppe. Vi har ikkje barneavdeling, men det er knytt barnelege til barselavdelinga. Anestesiseksjonen har ansvar for akuttsituasjonar med nyfødde. Innan gynekologi dekker vi utgreiing, behandling og operasjonar av alle vanlege gynekologiske tilstandar. Vi har eit tett og godt fagleg samarbeid med resten av sjukehuset lokalt, og med kvinneklinikken i Ålesund.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss for meir informasjon!
Arbeidsoppgåver
- Du vil få spennande faglege oppgåver knytte til føde, barsel, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepost. For tida er det 5-delt heimevakt
- Du vil medverke til å utvikle fagområdet på sjukehuset
- Du vil vere ein pådrivar og inspirator i arbeidet med å utvikle tilbodet vårt
- Du har evne til å leie og arbeide godt i team
- Du deltek i og legg til rette for spesialistutdanning for LIS3
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som lege, og norsk spesialistgodkjenning i Fødselshjelp og kvinnesykdommer
- Du meistrar godt norsk/skandinavisk språk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg dyktig og engasjert
- Du kommuniserer på ein måte som skaper tillit blant pasientar og kollegaer
- Du trivst med ein aktiv og arbeidskrevande kvardag
- Du vil medvirke aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel og bidrar der din kompetanse trengs
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Dyktige, nytenkande, hyggelege og engasjerte kollegaer
- Hjelp til å skaffe bolig
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Vilde Lund Osdal, Seksjonsleiar, Vilde.Lund.Osdal@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5128253238
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c9e7720d-13fc-49ab-9395-25a1ff961558
- Sist endret
27. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b63080d82a1a457796ac4fb83a6c15da