Assisterande einingsleiar i pleie og omsorg
Samnanger kommune
Tyssevegen 163, 5650 Tysse
Om jobben
- Stillingstittel
- Assisterande einingsleiar i pleie og omsorg
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. februar
Om stillinga
Er du klar for å ta steget vidare i karrieren – i eit miljø som vil deg vel?
Me ser etter ein engasjert, trygg og framtidsretta leiar som vil vere med å skape stabil og god drift – og som ønskjer å utvikle seg i eit støttande og fagleg sterkt miljø.
Som assisterande einingsleiar blir du ein sentral del av leiargruppa i pleie og omsorg, og får vere med å utvikle både tenester, fag og medarbeidarar.
Stillingen er nyoppretta, og du vil få høve til å forme rolla i tett samarbeid med leiargruppa.
Arbeidsoppgåver
- Stedfortredar for einingsleiar i dennes fråvær
- Delt fag-, personal- og driftsansvar for heimesjukepleie, sjukeheim og tilrettelagde tenester for barn, unge og vaksne ilag med einingsleiar (om lag 30 årsverk)
- Bidra til god koordinering og leiing av den daglege drifta
- Støtte og rettleie tilsette og fagsjukepleiarar
- Arbeide med utviklings- og endringsprosjekt i eininga
- Sikre kvalitet, gode rutinar og forsvarlege tenester
- Bidra til rekruttering, oppfølging og kompetanseheving av tilsette
- Samarbeide tett med andre einingar, fagpersonar og kommuneleiing
Kvalifikasjonar
Krav- Bacelor innan helse/sosial fag
- Leiarerfaring eller formell leiarutdanning
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk
- Gode digitale ferdigheiter og interesse for utvikling og forbetring
- Kjennskap til pleie- og omsorgstenester er ein fordel
- Erfaring med personalleiing, planlegging og drift er eit pluss
Personlege eigenskapar
- Er trygg i møte med andre og trivst i ein aktiv kvardag
- Har evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeidarar
- Er strukturert, løysingsorientert og tek ansvar
- Har god rolleforståing og ser heilskapen i tenestene
- Evnar å balansere fag, drift og menneske på ein klok måte
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Me tilbyr
- Eit trygt og raust leiarteam med tett samarbeid og høg kompetanse
- Moglegheit til å påverke utvikling, fag og kvalitet i tenestene
- God opplæring, støtte og fagleg utvikling
- Ei rolle som gir deg både ansvar, påverknad og utviklingsrom
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling.
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c7c9582d-d55d-4718-ad13-fa683fff3abe
- Sist endret
19. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10277959
Lignende annonser
Heimehjelp/pleieassistent - 56 % fast
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Sted
Eikelandsosen
Heimehjelp/pleieassistent - 100 % fast
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Sted
Eikelandsosen
Vernepleiar/sjukepleiar
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os