Hopp til innhold

Sommarjobb i pleie og omsorg

Arbeidsgiver

Samnanger kommune

Sted

Tyssevegen 97, 5650 Tysse

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb i pleie og omsorg
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. mars

Om stillinga

Er du sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, helsefagleg student eller pleiemedarbeidar, og på jakt etter sommarjobb i pleie og omsorg? 
Likar du å arbeide med menneske og vil ha ein sommarjobb som betyr mykje for andre? Då har me jobben for deg!     

Me trenger vikarar til samnangerheimen, Heimetenesta, kjøkken, praktisk bistand, vaskeri og Skottabakken.                                   

Du får ein meiningsfull sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og nyttig arbeidserfaring. Du vil samarbeida med og læra mykje av erfarne og dyktige kollegaer. 

Sommarvikarane våre får felles opplæring før tiltreding og individuell opplæring på arbeidsstaden.

 

NB! Me prioriterer etter kvalifikasjonar og dei som vil arbeida samanhengande 5 veker eller meir.
Skriv i søknaden kva periode du er tilgjengeleg og kan tenkje deg å jobbe. 

Me oppfordrar studentar, elevar og dei med erfaring frå pleie og omsorg til å søkja. 


Arbeidsoppgåver

Samangerheimen, heimetenessta og Skottabakken
  • Du vil få dyktige kollegaer frå ulike faggrupper. Anten du likar å arbeide sjølvstendig, i team, har omsorgsblikket, arbeid innan rehabilitering eller liker å arbeide personsentrert - me har jobben for deg. Arbeidsoppgaver vil variere utifrå kompetanse og erfaring og kan inkludera: 
  • Gje støtte og rettleiing til brukar og pårørande 
  • Omsorg og pleie 
  • Aktivisering og praktisk hjelp
  • Dokumentasjon på data
  • Sjukepleieprosedyrar
  • Vere sosial saman med pasientar
  • Enkle oppgåver i avdelinga

 

Produksjonsjøkken: 
  • Laga lunsj og middag til pasientane på Samnangerheimen, dagsenter og heimetensta. 
  • Avdelingskjøkken: 
  • Lage frukost og kvelds til pasientar på Samnangerheimen. Mellomåltid. Reinhald. Opprydding m.m
  • Vaskeri:
  • Ansvar for vask av pasient klede tre dagar i veka. 
  • Praktisk bistand:
  • Utføra reinhald hos heimebuande i heimetenesta. 

  • Kvalifikasjonar

    Krav
    • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk  
    • Som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar: Norsk autorisasjon 
    • Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav
    • Må ha gyldig politiattest. 
    • Du må vera fylt 18 år. Unnataket er dersom du er under 18 år og går Vg2 Helsefag. Du kan som under 18 år, søkja på ung jobb i Samnanger

    Personlege eigenskapar

    • Pasientorientert og serviceinnstilt 
    • Praktisk og fleksibel 
    • Sjølvstendig og stå-på-vilje 
    • God på kommunikasjon 
    • Er ivrig og lærevillig 
    • Likar utfordringar i arbeidet
    • Møte andre menneske på ein respektfull og open måte
    • Må ha gyldig politiattest

    Me tilbyr

    • Ein meiningsfull sommarjobb
    • Verdifull og nyttig arbeidserfaring
    • Stillingsbrøk frå ca 70 - 100 % i perioden
    • Tenestebevis for arbeidet
    • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
    • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
    • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
    • Fleksible arbeidstidsordningar
    • Gode velferdsordningar

    Arbeidstilhøve

    Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

    Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
    Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

    Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

    Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.


    Kontaktperson for stillingen

    Janne Drevsjø

    Einingsleiar

    +4741011119

    janne.iren.drevsjo@samnanger.kommune.no

    Om bedriften

    I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.

    Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, PPT og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    1f37eac6-a962-4225-a17f-a71902a7ef95

    Sist endret

    10. mars 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10286106

    Lignende annonser