Brattholmen skule
Øygarden kommune Brattholmen skule
Nygårdsvegen 1, 5350 Brattholmen
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar 100% fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 18. juni
Om avdelinga
Brattholmen skule ligg i nærleiken av Straume regionsenter i Øygarden kommune. Brattholmen skule er ein nynorskskule. Skulen har undervisning på både nynorsk og bokmål. Skulen har om lag 350 elevar, fordelte på 15 klassar frå 1.–7. trinn. Vi har om lag 60 tilsette.
Vil du vera med og leia ein inkluderande skule med ambisjonar om å skapa god og solid læring for framtida?
Visjonen til Brattholmen skule er «Saman skapar vi framtida».
Arbeidsoppgåver
- Vera ein del av leiarteamet ved skulen
- Leia pedagogisk utviklingsarbeid
- Personalansvar
- Samarbeid mellom skule og heim
- Minst 30 % undervisning
- Samarbeid etter BTI-modellen til kommunen
- Vikaransvar
- Rettleiing
Kvalifikasjonar
Må ha:- Godkjend lærarutdanning
- Erfaring frå undervisning i grunnskulen
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Nynorsk er administrasjonsmålform i Øygarden kommune
- God digital kompetanse
- Leiarerfaring frå grunnskulen
- Leiarutdanning, eller ønskje om å ta slik utdanning
- Erfaring frå arbeid med Vigilo
- Gode relasjonelle ferdigheiter, med evne til å samarbeida, lytta, rettleia, motivera, inspirera og setja grenser
- God til å sjå og anerkjenna medarbeidarane sine
- Systematisk, strukturert og målretta
- God arbeidskapasitet, robust og i stand til å handtera mange oppgåver samstundes
- Evne til å arbeida både sjølvstendig og i team
- Løysingsorientert, fleksibel og utviklingsorientert
- Evne til å skapa og utvikla gode relasjonar til tilsette, elevar og føresette
Anna
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfristen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Ingunn Kjelby, 91702659.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c775fe33-317e-4656-83e3-0d4b8c4567b1
- Sist endret
5. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3635159_210179_nn