Hopp til innhold

Ulveset skule

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Ulveset skule

Sted

Møvikvegen 39, 5357 Fjell

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 2. august

Om avdelinga:

Ulveset skule er ein barneskule med om lag 370 elevar, fordelt på 16 klassar. Vi har om lag 50 tilsette.
Skulen er ein nynorskskule og har undervisning både på nynorsk og bokmål. Våre satsingsområde er lesing og trygt og godt læringsmiljø.  Vi held til vest på Sotra, ca 30 minutt køyring til Bergen sentrum.

Arbeidsoppgåver:

  • Vera ein del av leiarteamet ved skulen
  • Leia pedagogisk utviklingsarbeidet
  • Personalansvar
  • Administrative oppgåver knytt til dagleg drift
  • Samarbeid etter BTI- modellen til kommunen
  • Stillinga har for tida tillagt 25% undervisning
  • Vikaransvar
  • Rettleiing av personalet

Kvalifikasjonar: 

Må ha:
  • Godkjent lærarutdanning og erfaring frå undervisning i grunnskulen
  • God systemforståing og digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
  • Leiarutdanning, eller ønskje om å ta slik utdanning
  • Erfaring med utviklingsarbeid
  • Erfaring som skuleleiar
Eigenskapar:
  • Gode relasjonelle ferdigheiter, med evne til å samarbeida, lytta , rettleia, motivera, inspirera og setje grenser
  • God til å sjå og anerkjenna medarbeidarane sine
  • Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot
  • God til å sjå og anerkjenna medarbeidarane sine
  • Systematisk, strukturert og målretta
  • God arbeidskapasitet, robust og i stand til å handtera mange oppgåver samstundes
  • Evne til å arbeida både sjølvstendig og i team
  • Løysingsorientert, fleksibel og utviklingsorientert
  • Evne til å skapa og utvikla gode relasjonar til tilsette, elevar og føresette
  • Tar vare på og vidareutviklar det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen
  • Evner til å samarbeide, lytte, rettleie og inspirere
 

Vi tilbyr:

  • Ei spanande mellomleiarstilling i ein skule med godt arbeidsmiljø, høg trivsel og eit personale som vil kvarandre vel
  • Gratis kaffi/te på jobb
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte, kunnskapsrike og trivelege kollegaer
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Cecilie Mikkelsen Dahl, rektor Ulveset skule, telefon: 48296987, epost: cecilie.dahl@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Cecilie Mikkelsen Dahl

55097922

Cecilie.Dahl@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Ulveset skule er ein barneskule som ligg vest på Sotra i Øygarden kommune. Sotra er ei langstrakt øy som ligg i Vestland fylke, like vest for Bergen.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d910fc94-1f23-4695-868a-2deba5e35b75

Sist endret

19. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3639553_210175_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser