Hopp til innhold

Knappskog skule

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Knappskog skule

Sted

Fjæreidevegen 30, 5360 Kolltveit

Om jobben

Stillingstittel
SFO-leiar 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 1. august

Knappskog skule har ledig ei 100 % fast stilling som SFO-leiar frå 12. oktober 2026. Stillinga er delt mellom leiing og arbeid med elevane på SFO.

Vi søkjer ein tydeleg og engasjert SFO-leiar som vil bidra aktivt i utviklinga av skulen – både fagleg og organisatorisk.

Som SFO-leiar vil du mellom anna:

  • følgja opp og driva SFO i det daglege
  • utvikla SFO i tråd med nasjonal rammeplan
  • leda pedagogisk utviklingsarbeid og bidra i utviklinga av heile skulen
  • delta i det daglege arbeidet i SFO som del av grunnbemanninga, også i feriar
  • rettleia tilsette og lærlingar
  • vera synleg og til stades, og ha tett dialog med barn, føresette og kollegaer
  • bidra aktivt i leiarteamet, i administrasjonsgruppa og i BTI-teamet (Betre tverrfagleg innsats)
  • følgja opp tilsette i samarbeid med rektor
  • følgja opp budsjettet i samarbeid med rektor
 

Kvalifikasjonar

Må-krav
  • godkjend pedagogisk utdanning (lærar eller barnehagelærar)
  • evne til å handtera travle dagar og periodar med høgt arbeidspress
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • god digital kompetanse
Ønskjelege kvalifikasjonar
  • erfaring som SFO-leiar eller leiarutdanning
  • kjennskap til digitale system som vert nytta i Øygarden kommune
  • erfaring frå SFO og kunnskap om nasjonale føringar og rammeplan
  • erfaring med psykososialt og spesialpedagogisk arbeid

Vi ønskjer ein SFO-leiar som:

  • ser dei tilsette som den viktigaste ressursen
  • byggjer gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette
  • bidreg til eit godt arbeids- og læringsmiljø
  • samarbeider godt, lyttar og rettleier
  • er løysingsorientert og fleksibel
  • arbeider strukturert, tek ansvar og jobbar sjølvstendig
 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontaktinformasjon

Rektor: Solfrid Kleiven
???? 926 61 232
✉️ solfrid.kleiven@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Solfrid Kleiven

+47 92661232

solfrid.kleiven@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Knappskog skule er ein fulldelt barneskule med om lag 230 elevar fordelt på 14 klassar. I tillegg driftar skulen innføringsklassen for framandspråklege elevar i kommunen. Skulen er heildigital og har som visjon å fremje kunnskap i eit trygt læringsmiljø. Skulen satsar på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt arbeidsfellesskap.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bb528d01-3c5b-41c7-92ff-b0419ce290e7

Sist endret

26. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3641805_202983_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser