Hopp til innhold

Stranda skule

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Stranda skule

Sted

Tveitane 13, 5379 Steinsland

Om jobben

Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar i SFO, 2* 44% stilling mellombels - Stranda skule
Type ansettelse
Vikariat, deltid 44%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 2. august

Om avdelinga:

Stranda skule er ein barneskule på Steinsland sør i Øygarden kommune om lag 20 minuttar køyretur frå regionsenteret Straume. Stranda skule er ein nynorskskule. Skuleåret 2026-2027 vil skulen ha om lag 278 elevar og 40 tilsette.

Visjonen vår er «Trivsel, leik og læring - hand i hand mot framtida.» Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande felleskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle.

Vi søkjer no fleire trygge, kompetente og relasjonssterke medarbeidar som ønskjer å bidra til eit inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevar i ulike aldersgrupper. Stillingane omfattar arbeid i SFO og ferie-SFO. Det er mogleg å utvide stilling til å omfatte arbeid i skule og.

Arbeidsoppgåver:

  • Aktiv deltaking i SFO og ferie-SFO, med ansvar for aktivitetar, omsorg og dagleg oppfølging
  • Støtte til elevar med særskilte behov, inkludert ADL-oppgåver. Oppgåver knytt til dagleg stell og omsorg kan vere ein del av arbeidet
  • Bidra til trygge og inkluderandre læringsmiljø i samarbeid med pedagogar og andre fagpersonar
  • Oppfølging av elevar med særskilte behov, inkludert struktur, sosial trening og praktiske oppgåver i SFO
  • Utviklingsarbeid i SFO knytt til rammeplanen for SFO
  • Samarbeid med føresette og eksterne instanser ved behov
  • Bidra til gode rutinar, dokumentasjon og heilskapleg elevoppfølging

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, søkjarar med anna relevant fagbrev som helsefagarbeidar, kan bli vurdert
  • Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge som har behov for heilskapleg tilrettelegging
  • God forståing for arbeid med tilrettelegging og særskilte behov
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
  • Erfaring med ulike diagnosar som autisme og psykisk utviklingshemming
  • Erfaring med teikn til tale. Opplæring ved behov.
  • Førarkort klasse B
  • Livredningskompetanse i basseng. Opplæring ved behov
  • God kjennskap til førebyggjande arbeid i skulen
Personlege eigenskapar:
  • Relasjonskompetanse og evne til å skape tryggleik
  • Tydeleg, varm og strukturert i møte med elevar
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Løysingsorientert, fleksibel og trygg i ein variert kvardag
  • God evne til å skape ro, oversikt og forutsigbarhet
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Anna:

  • Stillinga er ei mellombels stilling, gjeldane frå 01.08.2026 til 31.07.2027
  • Stillinga gjeld og ferie-SFO ved Stranda skule

Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjon skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

  • Christel Lewington Brown - Rektor Stranda skule
  •             Tlf: 94821970

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Christel Lewington Brown

    +47 94821970 +47 56122542

    christel.brown@oygarden.kommune.no

    Om bedriften

    Stranda skule ligg flott til heilt sør i Øygarden kommunen. I dag er vi ca. 374 elevar på vår skule. Det er 38 lærarar som har Stranda skule som arbeidsplass, inkludert leiinga. I tillegg er det 15 fagarbeidarar/ assistentar som gjer ein stor innsats kvar dag! Stranda skule er bygd ut gjennom fleire periodar og framstår i dag som ein moderne og framtidsretta skule.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    43e9f169-0b12-4fda-9a0c-d5b3ceb8f77e

    Sist endret

    3. juli 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3644297_210181_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser