Hopp til innhold

Bjorøy barnehage

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Bjorøy barnehage

Sted

Bjorøyvegen 163, 5177 Bjørøyhamn

Om jobben

Stillingstittel
100% pedagogisk leiar i mellombels stilling.
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 11. september

Om barnehagen:

På ei lita øy, eit steinkast frå Bergen/Loddefjord ligg det ei barnehage med 5 avdelingar. Vi har gode turmoglegheiter rett utanfor porten, og vi er i nærleiken av sjøen -så det er ein viss fare for at ein kan møta på ein sjørøvar eller to! Bjorøy barnehage jobbar systematisk med Dinoskulen, vi har god kompetanse innan DUÅ og har fokus på sosialkompetanse. Vi er ein barnehage der barna elskar å hoppa i vasspyttar, ein barnehage der mangfald og inkludering er i fokus. Leiken blir dyrka kvar dag. Er du ein pedagogisk leiar som kunne tenkja deg å prøva ut vasspyttane på Bjorøy? Leie avdelinga ut på nye eventyr? Då er det berre å søkja hos oss. Og viss du ønskjer å vita meir om oss, ta gjerne kontakt med styrar.Vi har ledig mellombels stilling 100% i 6 mnd., med moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å leie barnegruppe og samarbeide tett med foreldre
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet, i tett samarbeid med dei andre i personalet
  • Bidra til å utvikle Bjorøy barnehage for framtida

Kvalifikasjonar: 

Må ha:
  • Godkjent barnehagelærarutdanning, helst med erfaring frå barnehage
  • Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
  • Kjennskap til Dei utrolige årene og barnesamtalar
  • Kjennskap til tilknytingsteori og Circle of security
Personlege eigenskapar:
  • Vi søkjer ein person som er tydeleg, raus og inkluderande
  • Du må like utfordringar og være endringsvillig
  • Vi treng ein person med godt humør, og som har evne til å inspirere og motivere
  • Du set barnet sitt beste i fokus og er god til å samarbeide med andre
  • Du er ansvarsbevisst, sjølvstendig og løysingsorientert
  • Du er fagleg kompetent som du omset i praksis
  • Du har ein driv og evne til å jobbe godt under press

Vi tilbyr:

  • Ei spanande jobb i eit engasjert team
  • Gode moglegheiter til fagleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Eit godt fagleg miljø
  • Motiverte og kreative medarbeidere
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger

Kontakt: 

Styrer:  Katja Morvik, 90560466

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Katja Morvik

90560466

katja.morvik@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Bjorøy barnehage har 5 avdelingar og er 19 tilsette, derav 2 menn som. Vi er alle til å stole på og vi behandlar andre mennesker med respekt og interesse. Saman har vi høg kompetanse, vi tek ansvar for fellesskapet og jobben vår, og vet vi har «verdens viktigste yrke». Vi har høg trivsel i personalgruppa og gode kollegaer som tenkar barns beste og jobbar på tvers av avdelingar. I åra som kjem vil vi ha høgt fokus på eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø, der vi bla. skal samarbeide med høgskulen, jobbe med det nye lovverket og ta i bruk verktøy frå Udir. Vi vil sjølvsagt også ha fokus på språk og det å skapa meiningfull kvardag for barna. Barnehagen har eit flott uteområde, og utruleg gode turmuligheter rett utanfor porten. Saman med barna ønskjer vi å drive meir med uteaktivitetar vere mykje ute i naturen, vi håpar du ogå kan bidra til denne utviklinga og trivast ute.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

05c0af36-42e2-4741-ac0b-5513802056f6

Sist endret

21. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3655099_202431_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser