Helse, meistring og rehabilitering
Øygarden kommune Helse, meistring og rehabilitering
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Fysioterapeut 90%
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 90%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 8. september
Om avdelinga:
Helse, meistring og rehabilitering er ergo- fysioterapitenesta, friskliv og meistring, hjelpemiddellager og terapibasseng. Her arbeider omtrent 45 personar med ulik fagbakgrunn, dei fleste er ergoterapeutar eller fysioterapeutar
Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.
Tenesta arbeider med barn, vaksne og eldre med sjukdom og/eller funksjonsnedsetjing, blant anna i heim, barnehage, skule, sjukeheim og i tenesta sine eigne lokal. Tenesta er ofte ein del av eit samansett tenestetilbod, men kan også utøvast som enkelttiltak individuelt eller i gruppe
Vi søkjer engasjert fysioterapeut som har interesse for å arbeide med barn og unge i heim, barnehage og skule. Stillinga er ledig frå 06.10.2026- 27.07.2027.
Kontorplassering er i Skogskiftet.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga arbeider hovudsakleg med barn/unge – oppfølging i barnehage, skule og i eigen heim. Det kan også verta noko oppgåver i forhold til vaksne/eldre.
Arbeidsoppgåvene vil vera:
- Fysioterapi til barn/unge
- Oppfølging individuelt og i gruppe
- Hjelpemiddelformidling
- Barnekoordinator og oppfølging med individuell plan
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Bachelor i fysioterapi
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Erfaring frå jobb i kommunehelsetenesta, då spesielt med barn
- Erfaring får gruppetrening med barn
- Erfaring frå å jobba som fysioterapeut med barn/unge
Vi ønskjer person som er fleksibel og initiativrik både når det gjeld arbeidsoppgåver og arbeidsstad, og jobbar godt med både barn og vaksne.
- Evne til å omstille seg raskt, vera fleksibel og ha godt humør
- Du er rask til å setje deg inn i og forstå tenesta sitt arbeid
- Du er ansvarleg, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
- Du arbeider effektivt, strukturert og er løysingsorientert
Anna:
Ein må ha førarkort og kunna nytta eigen bil. For dette vil ein få bil- og køyregodtgjersle.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Avd.leiar Silje Merkesvik tlf 915 50 025 silje.merkesvik@oygarden.kommune.no
Einingsleiar Liv Møen tlf 55096855/975 40 530 liv.moen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
231eee25-04c1-4a0b-b308-5e095300f425
- Sist endret
20. august 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3654893_192565_nn