Hopp til innhold

Sjukepleiar eller vernepleiar. 80% fast stilling på natt, p.t. langvakter kvar 4. helg

Arbeidsgiver

Psykiatrisk klinikk/ Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS), Helse Bergen HF

Sted

Hatleveien 7D, 5038 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar eller vernepleiar i fast 80% stilling langvakter, med kvar 4.helg på natt
Oppstart
2. mars 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vil du bli ein del av eit engasjert og tverrfagleg team i ei spennande avdeling med viktige oppgåver?

Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) har ledig 80% nattstilling for autorisert sjukepleiar eller vernepleiar. Stillinga er med langvakter 12,25 timer, med arbeid kvar 4. helg.

KRS er ein lukka seksjon med åtte døgnplassar, organisert under Avdeling for spesialisert psykosebehandling (ASP) ved Psykiatrisk klinikk. Seksjonen gir eit behandlingstilbod til to ulike pasientgrupper:

  • Seks plassar er for personar med psykoselidingar kombinert med utfordringar som rusmiddelbruk eller personlegdomsforstyrringar.
  • To plassar er for personar med psykose i kombinasjon med psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrringar.

Arbeidet i seksjonen er tverrfagleg, og teamet består mellom anna av psykiater, psykolog, sosionom, sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar. Vi har eit sterkt fokus på relasjonsbygging og trygg overgang til bustad, i tett samarbeid med innsøkande instansar og kommunale tenester.

Miljøterapien vår omfattar:

  • Systematisk kartlegging og utvikling av ADL-ferdigheiter (aktivitetar i dagleglivet)
  • Stimulering av interesser og bruk av sanserom for kjensleregulering
  • Musikkterapi som ein del av behandlingstilbodet, for å støtte kjensleuttrykk, styrkje sjølvkjensle og fremje meistring i kvardagen
  • Vi legg òg stor vekt på fysisk helse. Seksjonen har tilgang til fysioterapeut og gode treningsfasilitetar, inkludert gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod der både psykisk og fysisk helse står sentralt.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten, med fokus på søvnhygiene
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
  • Ansvarsvakt
  • Medisinansvar

Kvalifikasjonar

  • Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ønskjeleg
  • Ha grunnleggande IKT-kompetanse
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad 

Personlege eigenskapar

  • Er opptatt av at pasientane skal få god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
  • Har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
  • Arbeider strukturert, effektivt og målretta
  • Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Kommuniserer og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar
  • Har ønske og evne å motta rettleiing

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagutvikling og internundervising
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Opplæring i MAP
  • Kompetente medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Susanne Karlsen, Seksjonsleiar, 55958630, susanne.karlsen@helse-bergen.no
Silje Madeleine Mihle Hop, Seksjonsleiar, 55958878, silje.madeleine.mihle.hop@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Hatleveien 7D
5038 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5055556876
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 02.03.2026
Søknadsfrist: 11.01.2026

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c766144b-1dac-4195-bf1f-cd100ecdc405

Sist endret

12. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

dbc2cb956ce6447f82eb7546c6a57770

Lignende annonser

Sjukepleiar/ Vernepleiar, 60% natt

Arbeidsgiver

Øyane Øyane distriktspsykiatriske senter/ allmennpsykiatrisk døgnbehandling, Helse Bergen HF

Sted

Straume