Sjukepleiar/ vernepleiar, 60% natt
Øyane Øyane distriktspsykiatriske senter/ allmennpsykiatrisk døgnbehandling, Helse Bergen HF
Blombakkane 75, 5354 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/ Vernepleiar, 60% natt
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Arbeidstid
- Natt
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. mars
Ønsker du å vere ein del av eit sterkt fagmiljiø på en døgnseksjon der pasientbehandling står i sentrum? Trivst du med travle dagar, varierte oppgåver, faglege utfordringar og tverrfagleg samarbeid for å skape rammer, auke meistring og livskvalitet til pasientar med ulike psykiske lidingar?
Ved allmenn døgnbehandling på Øyane DPS har vi ledig 60% stilling på natt med arbeid kvar 3 helg.
Seksjon allmennpsykiatrisk døgnbehandling er ein open døgnseksjon som tilbyr korttidsbehandling. Seksjonen er eit ledd i akuttforløpet og i behandlingskjeda for menneske med ulike psykiske lidingar og kan ha et høgt aktivitetsnivå. Personalgruppa er tverrfagleg og består av psykiater, psykolog, LIS-lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, helsefagarbeidar, miljøterapeutar og assistentar. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid internt og eksternt for å skape gode rammer for pasienten og bidra til å auke meistring og livskvalitet. I behandling har vi fokus på psykologisk behandling, miljøterapi og medikamentelle tiltak. Ernæring og fysisk aktivitet er også vesentlege element i behandlinga.
Øyane DPS er eit av tre DPS ved Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken flytta inn i nye lokale i 2011 og er lokalisert i naturskjønne omgivnader på Straume i Øygarden kommune, om lag 15 min køyring fra Bergen sentrum. Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 51 000 innbyggjarar over 18 år. Kommunane er i rask vekst og vi har god kontakt med primærhelsetenesta og fleire samhandlingsprosjekt som er under arbeid.
Øyane DPS består av:
* Allmennpsykiatrisk poliklinikk med eige akutteam og MBT team
* Allmenn døgnseksjon med 8 senger
* Psykose døgnseksjon med 8 senger
* Psykosepoliklinikken/FACT tilbyr behandling til menneske med psykoseliding eller mistanke om psykose.
Er du ein sjukepleiar eller vernepleiar som er opptatt av å gi god kvalitet i pasientarbeidet, har engasjement for pasientar med psykiske lidingar og liker å jobbe saman med kollegaer til å skape eit trygt og utviklande arbeidsmiljø? Då håper vi du vil søke på denne stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver knytta til drift, oppfølging og behandling av pasientar
- Tverrfagleg samarbeid i team og sjølvstendig arbeid
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Utarbeide og setje i verk miljøterapeutiske tiltak for å fremme meistring og livskvalitet i kvardagen
- Utarbeiding av behandlingsplanar, kriseplanar og arbeide tett opp mot kommune og pårørande
- Tillaging og administrasjon av medikamentell behandling
- Pårørandearbeid, herunder kartlegging av barn som pårørande
- Ansvarsvakt
- Delta aktivt i fysisk aktivitet med pasientane
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Ønskeleg med erfaring frå psykisk helsearbeid
- Ønskeleg med erfaring frå DIPS og Meona
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og har respekt for kvar enkelt pasient
- Ansvarsbevisst og robust
- Gode kommunikasjonsevner og evner til relasjonsbygging
- Evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og fleksibelt
- Må like å samhandle i team og vere løysingsorientert
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
- Fokus på godt arbeidsmiljø og tett samhandling på tvers av profesjonar og grupper
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Eit positivt og godt kollegialt miljø
- IA -bedrift
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Benedicte Skagen, Seksjonsleiar, 56326669Arbeidsstad
Blombakkane 755354 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5076522542
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Benedicte Skagen
Seksjonsleiar
56326669
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
be11be1c-0793-41d7-aedf-2945211b08d7
- Sist endret
23. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ea58b6fce0b94a6aaa9311156f4956c0
Lignende annonser
Sykepleier natt
Arbeidsgiver
Frieda Fasmers behandlingssenter, Bergen kommune
Sted
Loddefjord
Assisterende seksjonsleder
Arbeidsgiver
Øyane DPS/ Øyane allmennpsykiatrisk døgn, Helse Bergen HF
Sted
Straume
Arbeidsgiver
Botjenester i Bergenhus og Sentrum nord, Bergen kommune
Sted
Bergen