Hopp til innhold

Førebyggjande risikoanalytikar

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Førebyggjande risikoanalytikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 14. juli

Om stillinga

Vil du bidra til å hindre og førebyggje alvorleg kriminalitet? Er du analytisk og liker å jobbe strukturert og systematisk? Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til førebygging av vald i nære relasjonar for driftseining Sunnmøre i Møre og Romsdal politidistrikt. Stillinga som førebyggjande risikoanalytikar (FRA) er stadsplassert på Ålesund politistasjon hos avsnitt for etterretning og førebygging.

Som førebyggjande risikoanalytikar hos oss vil du inngå i eit avsnitt som består av tilsette med fleire ulike roller innan førebygging og etterretning. Vi har i dag eit positivt, engasjert og inkluderande fagmiljø med fokus på kvalitet i arbeidet som blir utført. Samarbeid, læring og utvikling står sterkt i miljøet og dette skal førast vidare og forsterkast.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er motivert til å arbeide med risikovurderingar i saker med vald i nære relasjonar og æresrelatert vald. Du meistrer å jobbe analytisk og systematisk med tidsfristar i krevjande saker der du tek avgjerder effektivt, både sjølvstendig og i samarbeid med interne og eksterne aktørar. Etter risikovurderingane er gjennomførte vil det også bli behov for å gjennomføre og følgje opp tiltak med både trusselutsette, trusselutøvar, interne eller eksterne samarbeidsaktørar.

Som førebyggjande risikoanalytikar vil du vere ein fagleg pådrivar for førebygging av vald i nære relasjonar. Det er nødvendig å tileigne seg god kunnskap om aktuelt instruksverk og rutineskildringar i stillinga.

Det vil bli lagt stor vekt på at ein er personleg eigna, motivert, at ein har gode kommunikasjonsferdigheiter og at ein har relevant erfaring.


Arbeidsoppgåver

  • utføre strukturerte risikovurderingar og førebyggjande tiltak i saker som omhandlar partnar- og æresrelatert vald ved bruk av dei ulike risikovurderingsverktøya
  • koordinere og leie vurderingsmøter
  • oppfølging av valdsutsette og valdsutøvar og samhandlande aktørar
  • samarbeid med etterforskarar/juristar i saker som omhandlar vald i nære relasjonar
  • gi rettleiing og bidra til å auke kunnskapen i organisasjonen og tverrfaglege samarbeidsaktørar
  • det kan bli aktuelt med operativ førebyggjande teneste om ønskeleg etter avtale med leiar (krev min. IP4 godkjenning)
  • andre oppgåver må påreknast 

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert

  • fullført og bestått Politi(høg)skulen
  • arbeidserfaring frå relevante fagfelt
  • erfaring med tverretatleg samarbeid
  • god munnleg og skriftleg formidlings- og kommunikasjonsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven §41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • vidareutdanning og/eller erfaring innan førebygging, risikoanalyse, kulturforståing
  • erfaring med saker som omhandlar vald i nære relasjonar og/eller æresrelatert vald 
  • god kjennskap til relevante samarbeidsaktørar og forståing for lovmessige moglegheiter og avgrensingar

Personlege eigenskapar

  • robust, med dette mener vi at du må tåle å stå i tøffe psykiske belastninger 
  • analytisk med evne til å jobbe strukturert og systematisk
  • heilskapsorientert med gode samarbeidsevner både internt og eksternt
  • løysingsorientert og evner å ta raske avgjerder

Motivasjon og personlege eigenskapar vil bli tillagt særleg vekt.

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ein utviklande og meiningsfull stilling for deg som ønskjer å førebyggje kriminalitet
  • fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, avhengig av erfaring og kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
    • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 - kr. 640 000 
    • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 - kr. 585 000
    • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 535 000 - kr. 560 000 
  • for særskilt kvalifiserte kan noko høgare stillingskode og lønnsplassering bli vurdert
  • ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • godtgjersle etter gjeldande ATB på for tida kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse. Les meir om tilsettingsgode på spk.no/medlemskap-i-spk-. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og tilknyting til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktperson for stillingen

Daniel Langøyli Ludviksen

+47 40 44 59 16

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c621de40-4b6e-4fe8-b98b-14113972ff45

Sist endret

30. juni 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10301885

Lignende annonser

Laster lignende annonser