Lege i spesialisering
AVDELING FOR PSYKISK HELSEVERN BARN OG UNGEHelse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund N, Molde, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. desember
Er du lege og har ønske om spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri?
Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar. Her blir du ein del av eit fagleg godt fellesskap.
I avdelinga vår har vi ledig fast stilling som LIS-lege ved alle dei fire poliklinikkane i Ålesund, Molde, Volda og Kristiansund.
Vi kan også tilby vikariat med minimum 6 månader lengde dersom det er aktuelt.
Vi har god spesialistdekning og fleire overlegar per LIS. Vi kan difor tilby god oppfølging og rettleiing av deg som nytilsett. Vi legg til rette for fagleg fordjuping og jobbar kontinuerleg med utvikling av pasienttilbodet vårt. Vi har tatt i bruk kunstig intelligens som støtteverktøy for behandlarar og har stort fokus på digitalisering.
Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Poliklinikken i Ålesund og døgnseksjonen si eining i Ålesund er samlokalisert.
Poliklinikkane har samansette og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. Personalet er sett saman av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team. I tillegg har vi ulike spesialiserte team og akutt-ambulante team. Vi kan vere fleksible i forhold til kva team ein vel å arbeide i.
Vi samarbeider med heile regionen om å tilby ei LIS-utdanning med høg kvalitet, og du vil delta i både lokal og regional LIS-utdanning. Avdelinga vil sikre alle delar av utdanningsløpet.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering, medisinering og behandling/stabilisering
- Fagleg utviklingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid
- I Ålesund kan lege etter avtale ta del i felles vaktordning med psykisk helsevern for vaksne
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført og bestått LIS1-tjeneste, eller turnusteneste etter gammal ordning
- Du har ønske om spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri
- Legar i anna utdanningsløp og som ønsker å jobbe minimum 6 månader i barne- og ungdomspsykiatri, kan søkje på vikariat
- Lege som ventar på turnusteneste kan også søkje på vikariat
- For å kunne gjere ein god jobb må du meistre norsk språk svært godt, både munnleg og skriftleg
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du har evne og vilje til samarbeid og omstilling
- Du har gode relasjonelle eigenskapar og evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollega, samt fremstår som ein trygg og kompetent vaksen
- Du har interesse for fagutvikling, organisasjonsutvikling og forbetringsarbeid
- Du har stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
- Du er ein god lagspelar, men kan vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det er behov
- Du har evne til å medverke til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Regional LIS utdanning med høg kvalitet
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.Kontaktinformasjon
Jenny Irene Raftevold Lyngstad, Avdelingssjef, jenny.raftevold.lyngstad@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5043870579
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c4008aa6-3fd9-454a-96d5-d7eb3643fa03
- Sist endret
26. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
feadb9c4553c454292090e292aa7854c
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund - G, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Kristiansund N
Arbeidsgiver
Lis og turnuslegar Psyk. Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Molde
Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Volda