Psykolog/psykologspesialist
Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Om jobben
- Oppstart
- 1. juli 2026
- Stillingstittel
- Psykolog/psykologspesialist
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 11. mai
Vil du vere med på laget vårt?
Helse Møre og Romsdal er ein arbeidsplass med stort mangfold. Dette meinar vi er viktig for å løyse dei oppgåvene vi er sett til. Vi ønskjer difor at dette mangfaldet skal speglast blant søkarane til stillingane våre og oppfordrar alle til å søke, uavhengig av kven du er, og kva bakgrunn du har.
Seksjonen vår har no ledig fast stilling som psykolog/psykologspesialist. Vi er ein del av Avdeling for psykisk helsevern barn og unge. Avdelinga er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, samt ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Poliklinikken i Kristiansund er organisert i tverrfaglege team: akutt/ambulant team, nevropsykiatrisk team, småbarnsteam og generalistteam. Vi tilbyr spesifikke behandlingstilbod som til dømes FBT, TF-CBT, EMDR og PEF, og har eit godt utvikla pasient- og pårørandeopplæringstilbod. Avdelinga har faglege nettverk på tvers av poliklinikkane i forhold til psykose, eteforstyrringar, vald og overgrep, personlegdomsproblematikk og akuttarbeid. Som psykolog ved BUP Kristiansund vil du arbeide i tverrfagleg team med bl.a. psykologspesialist, overlege, pedagog og sjukepleiar.
Samarbeid med kommunehelsetenesta og oppvekstsektoren er organisert i barn og unges helseteneste.
Poliklinikken vår har eit ivaretakande og godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt. Vi strekk oss langt for at psykologar skal få best mogelege faglege utviklingsbetingingar. Vi legg også, om ønskeleg, til rette for at du kan ta heile spesialiseringsløpet utan forsinking i helseforetaket vårt.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og ungdom med ulike typar psykiske lidingar og utviklingsforstyrringar
- Pårørande- og familiesamtalar
- Psykoedukasjon
- Medvirke fagleg gjennom undervisning og teamarbeid
- Ta del i arbeid med pasientsikkerheit, systematisk kvalitetsarbeid og kontinuerleg forbetring av verksemda
- Samhandling med kommunane, bistå med rådgjeving og rettleiing
- Ambulant behandling der det er føremålstenleg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog eller psykologspesialist
- Psykolog med lisens kan også søke
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern, eller med barn og ungdom, er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar og yrkesgrupper
- Du er god til å kommunisere med pasientar og medarbeidarar
- Du arbeidar strukturert og målretta
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.Kontaktinformasjon
Toril Kvisvik, Konst. seksjonsleiar, +47 95781432, Toril.Kvisvik@helse-mr.noArbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5110218270
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.07.2026
Søknadsfrist: 11.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d0f6b61d-0099-4a38-8552-f1c5b240f016
- Sist endret
20. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4cad9179db7f4ac3947dbfe606de794c