Hopp til innhold

Lege i spesialisering innan psykiatri

Arbeidsgiver

Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hagan 9, 6516 Kristiansund N

Om jobben

Stillingstittel
Lege i spesialisering innan psykiatri
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 24. mars

Vi har ledig ei fast stilling og eit vikariat ved DPS Kristiansund poliklinikk. 

Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR behandling, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling.

For LIS3 er det ei rotasjonsordning med dei ulike seksjonane i Molde slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga lokalt. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. 

Det er ei felles primærvaktordning for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset, men LIS3 i Kristiansund kan velge å ikke delta i vaktordninga under tenesta i Kristiansund. For LIS3 vil denne vere ca 18-delt tilstedevakt. Stillinga vi no lyser ut inngår i rotasjonsordninga. 

Oppstart snarast eller etter avtale med leiar. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar 
  • Sjølvstendig arbeid med oppfølging av pasientar og eksterne samarbeidsaktørar 
  • I samarbeid med psykiater gjere vurderingar knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning 
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er pasientorientert  
  • Du har gode samarbeidsevner 
  • Du kommuniserar godt både internt og eksternt 
  • Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg

Vi tilbyr

  • Ei god spesialistutdanning i psykiatri! 
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg 
  • Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. 

Byer vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202, Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.no

Arbeidsstad

Hagan 9
6516 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5034980143
Stillingsprosent: 100%
Vikariat, Fast
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 30.09.2026
Søknadsfrist: 24.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Geir Magne Nødtvedt

Overlege psykiatri

+47 907 00 202

Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

 

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

44ad7da5-1a73-4b37-96f3-e5bf5941728d

Sist endret

24. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7231d9325d774743bcf115f95fd9ca68

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kristiansund N

Arbeidsgiver

Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kristiansund N