Psykologspesialist/psykolog
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9, 6516 Kristiansund N
Om jobben
- Oppstart
- 15. juni 2026
- Stillingstittel
- Psykologspesialist/psykolog
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest fredag 12. juni
Vil du bli ein del av vårt fagmiljø?
Vi søkjer psykologar og psykologspesialistar som ønskjer å bidra til eit sterkt fagmiljø og eit inkluderande arbeidsfellesskap. Hos oss får du både faglege utfordringar og eit sosialt miljø der tilsette tek initiativ til felles aktivitetar og trivsel i kvardagen. Vi tilbyr rekrutteringstillegg for både psykologar og psykologspesialistar, og faglege satsingsområde ut frå dine interesser og kompetanse. Vi har eit aktivt fagleg og sosialt forum for tilsette i starten av arbeidslivet, der du får støtte, erfaringsutveksling og eit godt fellesskap i overgangen til rolla som behandlar
Vi søkjer etter ei fast stilling og eit vikariat med varigheit fram til 31.12.28.
Poliklinikken har 54,5 stillingar der 13,5 er psykologspesialiststillingar. Vi er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling for personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga skjer gjennom individuelle samtalar, gruppeterapi og medikamentell behandling. Vi har kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR, MBT, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Vi har i tillegg to psykomotoriske fysioterapeutar. Det har den siste tida vore mykje engasjement rundt etablering av nye grupper og kurstilbod.
Vi ønskjer å vidareutvikle kompetansen og satse på våre tilsette innan fleire fagområde, og satsar spesielt på psykoselidingar, traumelidingar, spiseforstyrringar og behandling av samansette rus- og psykiske lidingar (ROP). Har du ikkje erfaring innan desse områda, legg vi til rette for kompetanseheving. Vi er også opne for kompetanse innan andre relevante delar av psykisk helsevern.
Verksemda er organisert i ulike team. Vi har tre allmennpsykiatriske team fordelt på to allmenn team og eit avklaring- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ROP-team, samt to ambulante akutt team: FACT og ambulant akutt team. Sidan vi er i endring, er det mogleg å diskutere teamtilknyting ved tilsetting. Vi er ein poliklinikk i utvikling, og du vil få store moglegheiter til å vere med og forme framtida for poliklinisk behandling i Kristiansund.
Ta kontakt – vi ser fram til å høyre frå deg.Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og diagnostisering av pasientar
- Behandling av pasientar individuelt og i gruppe
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter og pasientdrøftingar
- Vidareutvikling av behandlingstilbodet
- Rettleie internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Psykologspesialist
- Psykologar som ikkje er ferdig med spesialisering kan også søkje, då det vert lagt til rette for fullføring av spesialisering.
- Viss det ikkje er aktuelle kandidatar med norsk autorisasjon vil vi kunne vurdere psykologar med lisens.
- Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper
- Sertifikat klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert og målretta
- Du har gode samarbeidsevner
- Du trivst i eit aktivt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel, nytenkjande og løysingsorientert
- Du kommuniserer godt både internt og eksternt
- Du likar å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
- Du har engasjement for fagleg utvikling og interesse for å bidra til vidareutvikling av behandlingstilbodet i poliklinikken
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø der vi samlast til felleslunsj på pauserommet
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg for psykologar og psykologspesialistar
- Fleksibel arbeidstid
- Psykologar som nærmer seg ferdig spesialisering vil kunne vurderast for konstituering som spesialist
- Det kan etter nærare avtale vurderast pendlaravtale og fleksibel arbeidstids-/tilstadeveringsordning for psykologspesialistar, innafor poliklinikken sitt behov.
- Dekking av flytteutgifter etter gjeldande reglement
- Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år for spesialistar
- Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning
- Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten
- For ikkje-spesialistar vil vi legge forholda til rette for å fullføre spesialisering innan normert tid
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Jørgen Lægreid, Seksjonsleiar, +47 92849056, Jorgen.Legreid@helse-mr.noArbeidsstad
Hagan 96516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5132834577
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 15.06.2026
Sluttdato: 31.12.2028
Søknadsfrist: 12.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
efde6ba6-59d5-4318-bfba-84a5f680ca53
- Sist endret
29. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
918e56eabdda40939187824fe00cd39f