Seksjonsleiar
AVDELING FOR DISTRIKTSPSYKIATRISKE SENTER DPS NORDMØRE OG ROMSDAL, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9, 6516 Kristiansund N
Om jobben
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. juli
Då har vi ledig stilling som seksjonsleiar til deg!
Vi søkjer etter ein engasjert, positiv og dyktig leiar til 100 % fast stilling som seksjonsleiar ved Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund. Stillinga er ledig frå 01.09.2026.
Klinikk for psykisk helse og rus består av 6 avdelingar og 33 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund er ein av 4 seksjonar i Avdeling for Distriktspsykiatrisk senter (DPS) Nordmøre og Romsdal.
Poliklinikken er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk, og tilbyr utgreiing- og behandlingstilbod innanfor individual- og gruppeterapi. Den tilbyr òg oppfølging til pårørande. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Det er eit godt samarbeid med dei kommunale tenestene i området. Poliklinikken har i dag 54,5 stillingar.
Arbeidsoppgåver
- Driftsansvar for seksjonen som inneber økonomi-, personal- og fagleg ansvar
- Ansvar for at seksjonen vert driven i samsvar med gjeldande lover/føreskrifter, interne retningsliner og innanfor økonomiske rammer
- Vidareutvikling av seksjonen sine tenester i tråd med overordna føringar
- Ansvar for seksjonen sitt kvalitets- og forbetringsarbeid
- Fagansvar og fokus på fagutvikling
- Bygge relasjonar og møteplassar internt og eksternt for dialog og samhandling
- Bidra til å vidareutvikle seksjonen, men også avdelinga
- Medansvar for avdelinga sine tenester og resultat
- Ein del av avdelinga si leiargruppe
- Andre oppgåver etter avtale med avdelingssjef
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykologspesialist eller lege med norsk spesialistgodkjenning i psykiatri
- Kandidatar som nærmar seg ferdig spesialistutdanning, kan også bli vurderte
- Ved mangel på kvalifiserte søkjarar med spesialistkompetanse, vil kandidatar med bachelorgrad innan helse- og sosialfag, kombinert med relevant vidareutdanning og erfaring, kunne bli vurderte
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid innan psykisk helse frå både spesialist- og primærhelsetenesten
- Ønskeleg med leiarerfaring og/eller erfaring med oppstart av nye tilbod
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- God system- og organisasjonsforståelse for økonomi og drift
- Kjennskap til bruk av relevante IT-verktøy
- Førarkort
Personlege eigenskapar
- Du er ein synleg leiar med profesjonell haldning til leiing og utvikling
- Du har evne og vilje til å måle resultat, evaluere og korrigere
- Du er endringsmotivert og har gjennomføringsevne
- Du trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er positiv og medverker til eit godt arbeidsmiljø
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
- Du har evne til å motivere høgt kvalifiserte medarbeidarar
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei spennande leiarstilling med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Deltaking i avdelinga si leiargruppe
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar, og sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Triveleg arbeidsmiljø
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Det blir arrangert ein internasjonal fotofestival kvart år. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Tor Nygaard, Avdelingssjef, tor.nygaard@helse-mr.noArbeidsstad
Hagan 96516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5142640600
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c7fb5af6-2eca-48ec-b93b-5bb4c7990ac5
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4515c3bb738841d6ad55878226886129